Heilage Ansgar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordens apostel gravert av Hugo Hamilton rundt 1830.

Heilage Ansgar, Anskar eller Oscar (8. september 8013. februar 865) var erkebiskop av Hamburg-Bremen, men er mest kjend for misjonærvirket sitt, med tilnamnet Nordens apostel. Ansgar er vernehelgen for Skandinavia, den danske kyrkja og for bispedøma Hamburg og Bremen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ansgar var fødd i Amiens og blei ein munk i benediktinarordenen. Han hadde hatt mykje kontakt med Harald Klak, den døypte og seinare fordrivne kongen av Danmark, og var den første kristne misjonæren i landet, utan å oppleva mykje hell. I 829 blei utpeika som misjonær til svenskane. Ansgar og munken Witmar kom til Birka same året, og skapte ein liten kyrkjelyd. Ansgar blir rekna som grunnleggjaren av den svenske kyrkja.

Han døydde i Bremen i 865, og etterfølgjaren hans, Rimbert, skreiv ned livssoga hans i Vita Ansgari. Ansgar er minna med ein statue i Hamburg og ein steinkross frå 1800-talet og eit kapell frå 1900-talet på øya Björkö i innsjøen Mälaren, der ein meiner Birka låg.

Helgen[endre | endre wikiteksten]

Ansgar er nemnt i Martyrologium Romanum, og har minnedag 3. februar. Som helgen blir han gjerne framstilt som biskop med stav, bok og mitra. I tillegg har han gjerne ein frakk eller kappe av pels for å visa at han hadde vore i det kalde nord. Han kan òg halda på ein modell av domkyrkja i Hamburg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]