Heilage Jørgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heilage Jørgen
MCB-icon13.jpg
Festdag Katolsk, ortodoks, anglikansk: Jørgensdagen, 23. april (for ortodokse kyrkjer som følgjer juliansk kalender fell feiringa på 6. mai etter gregoriansk);
  • Ortodoks: 10. november (kan tilsvara gregorianske 23. november)
  • Georgia: 10. (jul.) 23. (greg.)[1]
  • Russisk-ortodoks: 26. november (9. desember) etter vigslinga av domkyrkja vigd Jørgen i Kiev
Vernehelgen Nasjonalhelgen for Georgia og England, vernehelgen for fleire andre land og område, for yrkesgrupper som soldatar, bønder, slaktarar, bøkkarar og for speiding, og vern mot feber, hudsjukdommar og annan sjukdom.
Symbol Framstilt i kamp mot dragen med sverd eller spyd, ofte på ein kvit hest

Den heilage Jørgen eller sankt Georg er ein folkekjær helgen innan kristendommen som særleg er kjend for å ha sigra over ein drake. Jørgen skal ha vore ein riddar er knytt til Kappadokia og Palestina. Han er rekna som vernehelgen for fleire grupper og område, mellom anna England og Georgia, som begge nyttar den raude georgskrossen på kvit bakgrunn som nasjonalflagg. Namnet Jørgen er utbreidd over store delar av verda i ulike variantar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje handfaste prov på at Jørgen har levd, og allereie på 400-talet fanst det tvil om livet til helgenen. Soga hans blei særleg kjend i Vesten gjennom mellomalderverket Legenda Aurea, 'Gylne soger', frå 1200-talet.

Jørgen skal ha blitt fødd i Kappadokia i Vesle-Asia av kristne foreldre, i det minste ei kristen mor. Faren skal ha vore frå dette området medan mora var frå Palestina. Då faren døydde flytta ho og sonen tilbake til Palestina, der Jørgen gjekk inn i den romerske hæren og steig i gradene til offiser.[2] Ei anna soge plasserer han i Nubia.[3]

Heilage Jørgen og draken. Altertavle frå ca. 1470 i Praha.

Kvar, kva tid og korleis han døydde finst det ulike utsegner om; Persia, Lidda i Palestina (no Lod i Israel) og Nikomedia (no Izmid i Tyrkia) er nemnde som dødsstader, og han skal ha døydd ein gong før Konstantin den store. Gjennom handlingane sine skal han ha omvendt fleire tusen menneske til kristendommen.

Jørgen og draken[endre | endre wikiteksten]

Heilage Jørgen er best kjend for sigeren sin over ein drake som truga ein by. Ifølgje Gylne soger levde draken i ein innsjø ved byen Silene i Libya. Draken kravde to dyr eller menneske kvar dag for å ikkje forgifta heile byen. Først tok han sauene til innbyggjarane i byen, og deretter barna deira. Då kongsdottera stod for tur til å ofrast, kom Jørgen forbi. Han drog sverdet, slo krossteikn og såra så draken med spydet sitt. Deretter følgde udyret lydig prinsessa i band. Dei gjekk inn i byen, og Jørgen baud alle innbyggjarane å ta dåpen, elles ville han sleppa laus draken att. Heile byen blei då døypt, og Jørgen halshogg draken. Kongen reiste ei kyrkje for han og Jomfru Maria, og ein heilag kjelde med lækjande vatn sprang opp.[4]

Russisk ikon av Jørgen som viser ulike hendingar frå soga hans.

Martyrdom[endre | endre wikiteksten]

Jørgen skal ha døydd som martyr. Det finst fleire utførlege skildringar av korleis han blei drepen. Ei oppstykka utgåve av georgsoga på manuskriptfragment frå 400-talet fortel at Jørgen blei forsøkt drepen tre gonger – kutta opp i bitar, levande begravd og brend – men at Gud redda han kvar gong.[5] Ein annan tradisjon knyter Jørgen til ei soge fortald av Eusebius av Cæsarea (ca. 260-340) om ein namnlaus martyr frå Nikomedia som ved Diokletian-forfølginga i 303 reiv ned eit romersk edikt mot all kristen utøving. For dette bøtte han med livet.[2] Jørgen skal også ha gjort sterk motstand mot dei tvungne ofringane til heidenske gudar som romarane påbaud, og for dette ha bli torturert og drepen.

Gylne soger fortel at Jørgen under Diokletian og Maximian sine blodige kristenforfølgingar gav bort alt han åtte, gjekk inn i eit romersk tempel, kalla dei heidenske gudar djevlar og sin eigen Gud den einaste guden. Hovudpresten Dacian lét seg ikkje omvenda til kristendommen, men fekk i staden Jørgen torturert og fengsla. Forvandlaren hans gav Jørgen forgifta vin, men denne slo krossteikn over vinen og drakk han utan å koma til skade. Då omvende forvandlaren seg til kristendommen, og blei sjølv martyrdrepen. Deretter prøvde Dacian å koka han i bly, men Jørgen vørte det ikkje. Så skulle Jørgen framføre eit offer for dei heidenske gudane. I staden knelte han og bad til Gud, som sende eld frå himmelen for å brenna tempelet og opna jorda for å sluka dei heidenske prestane og gudebileta. Ein rasande Dacian gav til slutt ordre om at Jørgen skulle halshoggast, og etter ei bøn om at alle som bad Gud om noko i hans namn, skulle få bøna oppfylt, møtte Jørgen endeleg martyrdøden. På veg heim frå rettarstaden kom eld frå himmelen og drap Dacian og alle tenarane hans.[4]

Grava til Jørgen i dagens Lod i Israel.

Ei rekkje personar skal ha konvertert til kristendommen som følgje av møte med Jørgen eller etter å ha vitna lidingane hans. Heilage Alexandra skal ha vore kona til Diokletian og blitt omvend då ho vitna trusstyrken til Jørgen. Helgenane Eusebius, Neon og følgjarane deira blei kristne etter å ha vore vitne til martyriet hans, og lei seinare same skjebne.[6]

Jørgen skal ha blitt gravlagd i Lidda, og ei kyrkje er reist over gravstaden hans.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå 1300-talet av Jørgen frå ei kyrkje tileigna han i Staro Nagoričane i Makedonia.

Heilage Jørgen er kjend som «megalomartyr», 'stor martyr' og thaumaturg, 'underbringar' i den ortodokse kyrkja, og har to festdagar, 23. april og (som regel) 10. november.[7] Innan katolsk kristendom er han rekna som ein av dei fjorten nødhjelparane .[8] Den gresk-ortodokse kyrkja reknar han som soldathelgen saman med heilage Demetrius og Theodor. I georgisk kristendom er Jørgen knytt til heilage Nino, som spreidde kristendommen i Georgia og skal ha vore ein slektning av han.

Kulten rundt den heilage Jørgen voks fram i austkyrkja frå 300-talet, og staden som skal vera grava hans i Lydda var eit tidleg valfartsmål.[2] I Roma kjenner ein til dyrking av Jørgen frå slutten av 600-talet, men han er nemnd allereie i Decretum Gelasianum frå 400-talet.[9] Ein dyrka han i England frå 700-talet.[6]

Under krosstoga fekk helgenen ei større tyding i Vest-Europa. Han skal ha vist seg for stridande i mange høve. Mellom anna blei det fortald at han opptrådd saman med heilage Demetrius på frankisk side under beleiringa av Antiokia i 1098.[10] Han kom også til hjelp under Rikard Løvehjarte sitt krosstog.[2] Men Jørgen er òg rekna som ein heilag mann innan islam, som døydde 'med muslimsk and'.[11]

Jørgensdagen 23. april blei utnemnd til ei mindre høgtid ved det nasjonale synodet for England i 1222, og opphøgd til ei større høgtid (festum duplex) i 1415, med ei feiring lik juledag. Det var forplikta heilagdag, ein dag då ein måtte gå til messe, for engelske katolikkar fram til 1778.[5] På 1900-talet fekk høgtida mindre tyding i den katolske kyrkja, og markering av jørgensdagen er valfri.[9]

Helgenen fekk ein viktig plass i ulike høgtider, og folk utkledd som han har teke del i hendingar som opptog og spel. Namnet hans i mange variantar, som Göran, Georg, George, Jorge, Jürg, Jurij og det nordiske Jørgen, er eit utbreidd personnamn. Gjennom fleire av desse namneformene har han gjeve namn til ulike stader, anten direkte som landet Georgia i Kaukasus, St. George's på Bermuda og på Grenada og ulike bygningar, som St. Jørgenshospital i Norden, eller indirekte etter personar med namnet hans, som delstaten Georgia i USA og Georgetown i Guyana og i Malaysia.

Jørgen har framleis ein viktig plass i folketrua, og er eit lokalt og nasjonalt symbol mange stader i verda. Han skal ha vist seg ei rekkje gonger gjennom tidene, og blir rekna som ein mirakelgjevar som kan lækja sjuke.

Innan islam er Jørgen blitt sett i samband med helten Al Khidr.[3] Mange av heilagdommane og høgtidene hans i Midtausten blir også markert av muslimar.[12]

Vernehelgen[endre | endre wikiteksten]

Mosaikk av Jørgen (San Jordi) utanfor sjukehuset Hospital de la Santa Creu i Sant Pau i Barcelona.

Ei rekkje stader har Jørgen som vernehelgen. Han er teken til vern av statar som Etiopia, Georgia, Hellas, Litauen, Malta, Moldova, Montenegro, Portugal, Russland. Serbia og Tyskland, og av understatlege område som England, Aragon, Katalonia og den maltesiske øya Gozo. Byar som Amersfoort, Barcelona, Beirut, Bteghrine, Cáceres, Fakiha, Ferrara, Freiburg, Genova, Kumanovo, Ljubljana, Lod, Moskva, Pomorie, Preston, Qormi, Rio de Janeiro og Venezia har også Jørgen som vernar.[8]

Jørgen står som helgen for militær siger og for grupper som riddarar, soldatar, bogeskyttarar og våpensmedar. På grunn av namnet, som tyder 'ein som dyrkar jorda', er Jørgen også rekna som vernar for bønder, hestar og kveg. Han er vernehelgen for yrkesgrupper som bøkkarar, bergverksarbeidarar, kunstnarar, slaktarar og salmakarar. Fangar og vandringsfolk kan også påkalla han. Han er vernar for Den tyske ordenen og georgsriddarordenen og folk som høyrer til desse. Speidarrørsla har teke den heilage Jørgen som vernehelgen og feirar dagen hans.[9] Den engelske hosebandsordenenen, rekna som den høgste av dei europeiske ridderordenane, er også kalla St. Georgs-ordenen og blei vigd Jørgen ved opprettinga i 1348.[8] Den nyare georgskrossen er ei britisk utmerking for heltemot som blei stifta i 1940.

Helgenen har òg vore rekna som ein hjelp mot feber og hudsjukdommar, og mot særskilde sjukdommar som pest, spedalskheit og syfilis.[8] Han kan vera ein vernehelgen for sjukehus. Han er eit vern mot freistingar og er rekna som hjelpar for vêret.[8]

Framstilling og tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Utsnitt frå 'Lansestikket' (1620) av Peter Paul Rubens.

Framstillingar av helgenen er svært utbreidde innan kristen kunst, særleg frå 1200-talet fram til 1500-talet.[9] Jørgen blir ofte framstilt på ein hest i kamp med draken, med sverd eller lanse, og ei kvinne som tilskodar. Ofte ber han eit banner med raud kross på kvit botn; georgskrossen. Hesten til Jørgen er ofte kvit, men er i nokre høve brun som eit symbol på såtida om våren. Han er då ein motsats til Martin av Tours, som blir feira ved byrjinga av vinteren og gjerne har kvit hest.[8]

Jørgen sin siger over draken er mykje likt den greske soga om Persevs som redda kongsdottera Andromeda frå eit udyr, og sogene er blitt sette i samband med kvarande i fleire samanhengar, mellom anna i kunstnariske framstillingar.[13] Ein kamp med ein krokodille er elles blitt nemnd som eit mogleg utgangspunkt for soga. Men draken er også blitt tolka symbolsk, som ein tyrann, Diokletian eller Dadian, som sigeren av det gode over det vonde, med draken som ein slags djevel, eller som kristendommen sin siger over heidenskap.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heilage Jørgen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Official Georgian Holidays
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 ST. GEORGE, catholicnewsagency.com, APRIL 23, 2011
  3. 3,0 3,1 Giles Morgan, St. George, the pocket essential guide, 2006
  4. 4,0 4,1 The Golden Legend:  St. George. Internet Medieval Sourcebook.
  5. 5,0 5,1 Herbert Thurston, «St. George», The Catholic Encyclopedia (1909)
  6. 6,0 6,1 Matthew Bunson, Margaret Bunson, Stephen Bunson (2003 ), Our Sunday Visitor's encyclopedia of saints, Our Sunday Visitor Publishing 
  7. Maria Donadeo, Byzantine liturgy and iconography
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Den hellige Georg (~280 (?)-~303) ved katolsk.no
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 «Sankt Georg» i Store norske leksikon, snl.no., «Georgkulten» i Store norske leksikon, snl.no.
  10. Medieval Sourcebook: Gesta Francorum
  11. Encyclopedia of Islam, http://books.google.co.uk/books?id=jJY3AAAAIAAJ&lpg=PA800&ots=ee0D2jiO4H&dq=saint%20george%20islam&pg=PA800#v=onepage&q=saint%20george%20islam&f=false 
  12. William Gourlay, Muslims who venerate St George, EurekaStreet.com.au, APRIL 12, 2011
  13. Anatoly T Fomenko, History: Fiction or Science?, Volume 2, http://books.google.co.uk/books?id=fSvlaZYbcwUC&lpg=PA310&ots=8ak4Xz-mKP&dq=saint%20george%20perseus&pg=PA311#v=onepage&q&f=false  2005