Heilage Marta, mor til Simeon stylitten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marta
FødestadAntiokia
Daud551
Helgendag4. juli
Helgen iortodoks kristendom

Marta, mor til Simeon stylitten, er ein helgen i ortodoks kristendom. Festdagen hennar er 4. juli (ofte etter den julianske kalenderen, som tilsvarer 17. juli i den gregorianske).[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Marta vart fødd i Antiokia og levde på 500-talet. Frå ungdomen skal ho ha ønska å bli nonne, men foreldra hennar overtalte ho til å gifte seg. Marta vart enkje ung, og strevde med å oppdra sonen Simeon. Gjennom flittig bøn og vitjingar til kyrkjer vart ho eit døme for etterfølgje for sonen. Ho var gjevmild mot fattige, vitja sjukehus, tente dei sjuke, gravla dei døde og hjelpte menneske som ønskt å bli døypte.

Den heilage Marta døydde fredeleg i 551. Kroppen hennar vart gravlagd på fjellet Divnaja, ein stad der sonen hennar, søylehelgenen Simeon, utførte handlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar