Heilagkåring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mor Teresa er ei kjend kvinne som for tida går gjennom ein prosess som kan enda med heilagkåring.

Heilagkåring eller kanonisering er ei erklæring om at ein avdød person er ein kristen helgen. Slik heilagkåring har funne stad sidan tidleg kristendom, men har endra seg gjennom tidene. Den katolske kyrkja og den ortodokse kyrkja utfører framleis heilagkåring der erklærte helgenar blir gjenstand for helgenkult. Den anglikanske kyrkja har også ei form for heilagkåring som skil seg frå dei andre kyrkjene ved at ein også kan erklæra personar som ikkje er medlemmer av kyrkja som helgenar, og at kåringa ikkje medfører nokon helgenkult.

Dei tidlegaste heilagkåra kristne var martyrane, folk som hadde døydd på grunn av trua si. Frå 300-talet tok ein også til å heilagkåra vedkjennarar — folk som hadde vore svært fromme eller sjølvoppofrande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.