Heilbronn

Koordinatar: 49°9′0″N 9°13′0″E / 49.15000°N 9.21667°E / 49.15000; 9.21667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heilbronn
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Heilbronn
Heilbronn is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Stuttgart
Kreisfri by
Først nemnd i 741
Geografi
Flatevidd
 - By

99,88 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

117 531
  1 177/km²
Koordinatar 49°9′0″N 9°13′0″E / 49.15000°N 9.21667°E / 49.15000; 9.21667
Høgd over havet 157 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 74072-74081
Telefon-retningsnummer 07131, 07066
Bilnummer HN
Heimeside: www.heilbronn.de

Heilbronn er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 117 000 innbyggjarar. Byen er omringa av landkreisen Heilbronn. Heilbronn ligg ved elva Neckar og er ein tidlegare fri keisarby og i dag ein kreisfri by. Byen er òg eit stort økonomisk senter i den nordaustlege delen av Baden-Württemberg.

Heilbronn er kjend for vinindustrien og vert kalla Käthchenstadt etter Heinrich von Kleist sitt skodespel Das Käthchen von Heilbronn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter menneske rundt Heilbronn tilbake til den eldre steinalderen. Dei frodige slettene rundt Neckar gav gode forhold for tidlege bønder. Ein har òg funne mange funn frå bronsealderen i byen. Keltarar var her tidleg og grov ut salt.

Romarriket sine grenser (limes) strekte seg langs Neckar-Odenwald-Limes, og det vart bygd ei borg her og fleire romerske villaer og plantasjar. Rundt år 150 vart grensene flytta 30 km lenger aust og folk flytta frå Heilbronnområdet. Rundt 260 trekte romarane seg tilbake og alemannarane vart herskarar over området rundt Neckar. Mellom 300- og 600-talet vart området ein del av Frankarriket og dei første busetnadane i nærleiken av dagens sentrum oppstod.

I 741 vart Heilbronn for første gong nemnd i offisielle dokument frå bispedømet Würzburg som villa Helibrunna i lag med Michaelsbasilica og i ein periode i 841 hadde Ludvig den tyske residens her.

I 1225 vart Heilbronn innlemma i riket Hohenstaufen som oppidum Heilecbrunnen. Seinare på 1200-talet kom eit stort område sør for Heilbronn inn under den tyske riddarordenen, og vart verande under dei fram til sekulariseringa i 1805. Ordenen bygde Deutschhof der som residens, og her bygde dei ei kyrkje, som i 1977 vart konsekrert som domkyrkje.

Etter at Hohenstaufen forsvann omgjorde kong Rudolf I bystatusen til Heilbronn i 1281 og innførte ein kongeleg talsmann til å styre byen. I tillegg oppretta han eit byråd som vart styrt av ein borgarmeister. Rundt 1300 vart det første rådhuset bygd ved marknadsplassen. Byen fekk rettar til å nytte elva Neckar i 1333, noko som gjorde at dei kunne byggje demningar, hamner og møller. Heilbronn trekte derfor til seg kjøpmenn og handverkarar på 1300-talet. I 1371 gjorde Karl IV av Det tysk-romerske riket byen til ein fri keisarby, direkte underlagt keisaren. Handverkarar og kjøpmenn vart no representert i byrådet og landsbyane Böckingen, Flein, Frankenbach og Neckargartach vart ein del av Heilbronn.

Under den tyske bondekrigen i 1525 vart Heilbronn plyndra av bøndene. I 1528 tok byen opp reformasjonen og året etter stod Kiliansturm (kyrkjetårnet til Kilianskirche) ferdig. Det vart det første viktige kyrkjebygget i renessansen i Tyskland. I 1528 aksepterte byrådet Confessio Augustana og Heilbronnkatekismen frå 1536 er den nest eldste katekismen til den protestantiske kyrkja. I 1538 vart Heilbronn medlem av Schmalkaldenforbundet, men i 1564 førte krangling mellom troppane til Schmalkaldenforbundet og keisar Karl V av Det tysk-romerske riket etter kvart til kampar som keisaren vann. Som følgje av dette var Karl V i Heilbronn jula 1546 for å følgje rettergangane.

Under trettiårskrigen vart byen og dei omliggande landsbyane hardt råka. I 1631 vart Heilbronn okkupert av keisaren sine troppar, men same året erobra svenskane byen. Frå 1644 til 1647 var Heilbronn igjen ein del av Det tysk-romerske riket, men så flytta franske troppar inn i byen, og seinare troppar frå kurfyrstedømet Pfalz. Byen vart først fri etter freden i Westfalen i 1648. I 1688 vart han derimot igjen okkupert av franske troppar, og i 1693 vart franskmennene overtalt til å forlate byen etter å ha bygd festningsverk her.

9. september 1802 mista Heilbronn statusen sin som fri keisarby då Fredrik I av Württemberg marsjerte inn i byen. Hertugen hadde mista områda sine på den venstre breidda av Rhinen under den franske revolusjonskrigen, men vart kompensert med område på den høgre breidda, og slik vart mellom anna Heilbronn ein del av Württemberg i 1803. Heilbronn vart setet for landkreisen Oberamt.

I 1815 marsjerte 10 000 soldatar i parade føre Keisar Franz av Austerrike og 126 tyske fyrstar og generalar i Theresienwiese før felttoget mot Napoleon I starta. Tsar Aleksander I av Russland møtte den baltiske baronessa Barbara Juliana av Krüdener i Heilbronn som overtalte han til å danne «Den heilage alliansen».

Heilbronn i april 1945

I 1820 byrja industrialiseringa av Heilbronn då dei første toglinjene kom til Heilbronn frå Stuttgart. Utover 1800-talet vart fleire jernbanelinjer bygd frå Heilbronn til andre byar i nærleiken, og han vart ein viktig trafikknutepunkt og den nest største industribyen i Württemberg etter Stuttgart. I 1892 fekk byen elektrisitet frå eit kraftverk i Lauffen og Heilbronn vart dermed den første byen i verda som fekk straum via fjernkablar.

Etter distriktsreformer i 1938 vart Heilbronn ein kreisfri by og vart samtidig slått saman med Böckingen, Sontheim og Neckargartach, og med 72 000 innbyggjarar vart Heilbronn no den nest største byen i Württemberg. Under krystallnatta vart synagogen i Heilbronn øydelagd og i løpet av 1939 vart det jødiske samfunnet eliminiert av nazistane.

Byen vart hardt råka av allierte bombetokt under den andre verdskrigen. 10. september 1944 vart byen teppebomba og 281 innbyggjarar mista livet. 4. desember same år vart byen enno hardare råka og 6 500 innbyggjarar mista livet på berre ein halvtime og store delar av byen vart lagt i grus. 12. april 1945 tok amerikanske troppar seg inn i byen. Etter krigen starta gjenoppbygginga av byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Heilbronn