Heilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heilo

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]

Heilo i hekkedrakt, Rohkunborri nasjonalpark, juli 2011Foto: Bjørn Christian Tørrissen
Heilo i hekkedrakt, Rohkunborri nasjonalpark, juli 2011
Foto: Bjørn Christian Tørrissen

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Slekt: Pluvialis
Art: P. apricaria
Vitskapleg namn
Pluvialis apricaria

Heilo (Pluvialis apricaria) er ein fugleart i lofamilien. Ho er ein vadefugl som hekkar på heier og tundra i nordlege Europa, inkludert Island og Fennoskandia, dessutan austover i Sibir til området sør for Tajmyrhalvøya. Dei er flyttfuglar med overvintringsområde i Storbritannia, Irland, Mellom-Europa og rundt Middelhavet.[2] Trekket sørover startar i slutten av juli og går føre seg til tidleg i oktober. Dei vaksne fuglane reiser først. Fuglane kjem attende til låglandet og kysten i sør frå slutten av mars, og til hekkeplassane er dei komne i byrjinga av mai. Spesielt i seine vårar kan flokkar av heilo halde seg på innmark i låglandet medan dei ventar på snøsmeltinga i høgareliggande strok.

Unge og egg frå heilo på eit færøysk frimerke.
Heilo
Namn på andre språk
Svensk Ljungpipare
Dansk Hjejle, hedehjejle
Engelsk Golden Plover, European Golden Plover
Tysk Goldregenpfeifer
Fransk Pluvier doré
Spansk Chorlito dorado, chorlito dorado común
Russisk Zolotistaja rzjanka (Золотистая ржанка)

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Heilo har ein slank kroppsfasong, rundvore hovud og lange vadeføter. Samanlikna med andre vadefuglar har ho kort nebb. Dei er mellom 150 til 200 gram tunge og rundt 27 cm lange. Vengespennet er frå 53 til 59 cm.

Fuglen har ei gulspetta overside og kvite armholer. Undersida er flekka gråbrun. Om våren og under hekketida om sommaren har han eit svart felt frå nebbet og nedover med beina, som særleg gjer hannen lett kjennbar med svart bryst og strupe som er innramma av ei kvit rand. Hoa er også mørk på undersida men ofte med mindre kontrast enn hannen.

Heiloa kan forvekslast med tundralo. Tundraloa har gråkvite flekkar på oversida og svartbrune akselfjør på undersida av vengjefestet underside. Tundraloa hekkar ikkje i Noreg, men er å sjå langs kysten under trekket.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Heiloegg.

Heiloa hekkar (april-juli) helst i høgtliggande strøk på opne område i vier- og bjørkebeltet, i kyststrøk på lynghei. Reiret er eit søkk i bakken, kledt med gras. Ho legger om lag 3 egg. Båe kjønn tar del i ruginga. Egga klekkjer etter 27-30 dagar, ungane er flygeferdige etter 30-33 dagar.

Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa Vert eg i Hjarta varm.
Men Heluna, vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lyuggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.
Arne Garborg
«Fuglar» i Haugtussa.
Communauté silhouette modif.jpg
Heluna er eit anna namn for heilo.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Utover hausten samlar heiloa seg i flokkar. Dei trekker so sørover for overvintring. I sommarhalvåret har ho ein kjent lokketone (fonetisk: tlyy). Ho livnærer seg på mark, insekt og biller, i tilleg til litt bær og frø.

Utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Heiloa er å finna over heile Noreg og har ein bestand på om lag 130 000 par.[3] Ho hekker over det meste av landet, men er mindre utbreidd på Austlandet og Sørlandet. Fuglen er delvis jaktbar. Sporadisk finst heilo òg på Svalbard.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008), Aschehougs fuglebok med CD-er, Oslo: Aschehoug, ISBN 978-82-03-23569-6 
  • Peder Fiske, 1994, Artsomtale: Pluvialis apricaria – heilo, S. 176 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 22. oktober 2011

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rødlistedatabasen (vitja 3. desember 2011)
  2. Fonstad et al (2008)
  3. Peder Fiske (1994) i Norsk fugleatlas
  4. Strøm, H. Svalbards fugler. s. 86-191 Svalbards fugler og pattedyr (K. M. Kovacs & C. Lydersen, red.). Polarhåndbok Nr. 13, Norsk Polarinstitutt 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heilo
  • Norsk Fugleatlas, 1994.