Heimaey stavkyrkje
63°26′39.336″N 20°15′40.331″W / 63.44426000°N 20.26120306°W
Heimaey stavkyrkje (islandsk: Stafkirkjan við Hringskersgarð) står på Heimaey i Vestmannaeyjar i Island, og er ei stavkyrkje reist i 2000. Kyrkja var ei gåve frå Noreg til Island i høve tusenårsjubileet for innføringa av kristendommen på Island. Bygget vart laga med Haltdalen stavkyrkje som forelegg ved lafteverksemda Stokk & Stein i Lom.[1] Norsk Institutt for kulturminneforskning hadde ansvaret for prosjektet.[2] Kyrkja vart overlevert og vigsla 30. juli 2000.[3]
Det var dåverande statsminister Jan P. Syse som foreslo ei stavkyrkje som gåve.[4]
Med kyrkja vart det også gjeve eit altarfrontal som er ein nøyaktig kopi av Olavfrontalet. Originalen er frå 1300-talet og var truleg laga i Trondheim.
Døypefonten i kyrkja er laga av lavastein frå utbrotet til Eldfell i 1973.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Frå undervisning til laftebedrift» på nettstaden til Stokk & Stein, arkivert frå originalen 6. februar 2011, henta 1. november 2009
- ↑ Pressemelding frå Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet 27. juli 2000: «Giske med stavkyrkje som folkegåve til Island»
- ↑ mbl.is: «Stafkirkjan í Eyjum afhent og vígð»
- ↑ Ola Storsletten: «Stavkirke - Norges folkegave til Island»[daud lenkje]