Heimdall
Heimdall (norrønt Heimðallr, Heimdallr) er ein av æsene i norrøn mytologi, i Edda kalla hvítastr ása ‘kvitast av æsene’ og hvíti áss ‘den kvite åsen’. Sume stader vert han likevel sett saman med vanene.
Heimdall vardar brui Bifrost (regnbogen) som bind Midgard saman med Åsgard. Soga fortel at han skal låta i Gjallarhornet og varsla æsene og einherjane når Ragnarok kjem. Heimdall er lagen å verta siste guden som døyr i Ragnarok, når han og Loke drep einannan.
Heimdall vorden (vaktaren) kan høyra graset gro, ulli veksa og lauvbladet falla, kan sjå til verdsens ende, og er allveg vak, treng mindre svevn enn ein fugl. Heimdall vert omtala som son av Odin.
Det finst ingi minne om at det har vore nokon religiøs kult kring Heimdall.
Innhaldsliste |
[endre] Namnetyding
Skal namnet Heimdall skiftast Heim-ðallr, kan fyrstelekken vera beint heim, medan andrelekken kan vera skyld toll, gamalnorsk þǫll eller þollr. Men þǫll vert nytta med tydingi ‘elv’ hjå Snorre, og Frøya har tilnamnet Mardǫll. Ut frå dette vert uttydingi av heile namnet eitkvart som «verdstreet» (jf. Yggdrasil), «verdselvi» (jf. vintergata) eller «verdskjelda», jf. Rígsþula der Heimdall vert opphav til manneætti. Dette lyt likevel reknast som uvisst.
[endre] Figuren
Heimdall er son av ni møyar. Det finst mange døme på ni konor/syster i norrøn mytologi, og talet ni ser ut til å symbolisera heilskapen i verdi.
Heimdall bur på Himinbjǫrg, ‘himmelberget’. Dette er i dag eit stadnamn fleire stader i dei germanske landi.
Hesten hans Heimdall heiter Gulltopp, sjølv har Heimdall gulltenner, eller i minsto gule tenner, noko som gjev honom tilnamnet Gullintanni. Andre tilnamn er Hallinskíði ‘hallande, bøygd skide’, som au vert nytta som kjenning for rambukk, og Vindhlér ‘vind-le’.
I Rígsþula gjeng Heimdall gjennom verdi og økslar dei tri samfunnsklassone trælar, karlar (frie bønder) og jarlar.
[endre] Tolking
Georges Dumézil rekna Heimdall for ein gamal indoeuropeisk gud, og samanlikna honom med den romerske Janus og den indiske Dyaus.
Religionsforskarar som Anders Bæksted og Folke Ström ser på Heimdall som personifisering av verdsaltet (kosmos) og samfunnsskipnaden.
[endre] Edda
I Edda syner Snorre til ein Heimdallargaldr som no er tapt:
«Eit sverd kann kallast Heimdalls hovud, for det er sagt at han vart gjenomstungen av eit mannshovud. Um det er det kvede i Heimdallargalderen, og sidan er hovudet kalla Heimdalls lagnad (mjǫtviðr); eit sverd vert kalla manns lagnad.»
[endre] Gylfaginning
I den bolken av Yngre Edda dei kallar Gylfaginning, finn me dette samandraget om Heimdall:
|
|
[endre] Kjeldor
[endre] Lesnad
- Bæksted, Anders (1994): Nordiske guder og helte, 1984 2. rev. Udg. 1994 ISBN 87-567-3897-8
- Grimm, Jacob (1854): Deutsche Mythologie (3. utgåva)
- Hoftun, Oddgeir. 2004. Menneskers og makters egenart og samspill i norrøn mytologi, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1451-2
- Hoftun, Oddgeir. 2001. Norrøn tro og kult ifølge arkeologiske og skriftlige kilder, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1281-1
- Holtsmark, Anne. 1989. Norrøn mytologi : tru og myter i vikingtida, Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-3344-4
- Steinsland, Gro (2005): Norrøn religion: myter, riter, samfunn, Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-2607-7
- Ström, Folke (1985): Nordisk hedendom: Tro och sed i förkristna tid, Akademiförlaget ISBN 91-24-16206-X