Heimefronten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heimefronten overtek Akershus festning 11. mai 1945. Terje Rollem er til venstre.
Foto: Johs. Stage

Heimefronten er brukt som nemning både på organisert (Heimestyrkene m/Milorg og Sivorg) og på uorganisert, generell motstand i Noreg mot den tyske okkupasjonen under andre verdskrigen.

Heimefronten inkluderte den organiserte Motstandsrørsla, men kunne òg inkludere alle einskildpersonar som hadde ei patriotisk innstilling. For å føle seg som ein del av Heimefronten kunne det vere nok med reint symbolsk motstand. Av slik motstand kan nemnast å gå med ein spesiell type topplue, ha bindersar på jakkeslaget eller å motsetje seg nokre av dei mange direktiva frå makthavarane. Ei nemning på slike patriotar var jøssingar.

Motstanden kunne òg vere meir aktiv, ved til dømes å lytte på illegale radioapparat. Eit skritt vidare var å gje ut illegale aviser.

Ved endå meir organisert motstand kunne ein seie at ein var ein del av motstandsrørsla. Noreg under andre verdskrigen var prega av ulike motstandsgrupperingar som arbeidde meir eller mindre koordinert. Ei av desse grupperingane som hadde stor innverknad vart kalla «Kretsen», ei anna «Koordinasjonskomitéen» (KK) leia den sivile haldningskampen. Kommunistane var nesten dei einaste som dreiv med valdeleg motstandskamp, men utan å samarbeide særleg med resten av Heimefronten. Dette fordi Heimefronten ikkje ville at det skulle utførast valdelege aksjonar i Noreg, av frykt for represaliar mot sivilbefolkninga.

Frykta for represaliar førte til at regjeringa i London, på oppfordring frå Heimefronten i Noreg, proklamerte over radio hausten 1942 at det ikkje skulle utførast aktiv valdeleg motstand. Dette var faktisk ein utmelding av krigen, medan han var på sitt vondaste elles i verda. For tyskarane var Noreg både før dette og seinare, ein fantastisk fristad [1]. Eit av dei klåraste bevisa på det, er mengder aksjonar mot den norske jarnbana (NSB). I dei fire første åra av okkupasjonen vart det gjennomført berre 15 - femten - aksjonar mot jarnbana. Fleire av desse varet totalt mislukka. Einskilde av dei var utført av kommunistar. Aksjonane var hovudsakleg i Oslo-området. Det vart ikkje gjort noko vesentleg frå Heimefrontens side for å hindre tyske forsyningstransportar til dømes mellom Oslo og Trondheim, og heller ikkje gjort noko med Ofotbanen som transporterte den viktige jernmalmen til Narvik, for utskipning til Tysklands våpenindustri.

Størstedelen av krigen var det inga einskapleg leiing av Heimefronten, første gongen uttrykte Heimefrontens Leiing vart brukt var i 1943 då Koordinasjonskomitéen byrja å sende ut parolane sine over radio i dette namnet. Utover 1944 vart Kretsen veikt grunna at nokre vart tekne og andre flykta til Sverige, og det viste seg naudsynt å få ei formell leiing på plass for å ta seg av viktige oppgåver etterkvart som krigen nærma seg slutten. Hausten 1944 vart Heimefrontens Leiing (HL) danna, «Det øvste rådet» bestod av ein formann og 11 medlemmar frå Kretsen, KK, Heimestyrkane, Rikspolitiet, og Fagleg utval (FU). Bøndene som før var vorte halde utanfor, fekk ein representant, medan kommunistane ikkje fekk vere med.

Under heile krigen var det spenninga mellom leiande grupperingar i Heimefronten og London-regjeringa, i november 1944 møttest representantar for regjeringa og den nye heimefrontleiinga i Stockholm til ein rundebordskonferanse der dei kunne avklare ein del tilhøve, mellom dei ordninga av den sivile sentraladministrasjonen i overgangstida. Hovudproblemet var kva for ein status Nygårdsvoldregjeringa skulle ha etter freden. Heimefrontleiinga meinte at det skulle dannast ein Regjeringskommisjon med folk «heimanfrå», medan regjeringa meinte at sidan dei var den lovlege regjeringa til landet, måtte dei ta over. Kompromissa vart at regjeringa skulle sende over kronprins Olav saman med fem representantar like etter fredsslutninga. Likevel fortsette konflikten mellom hjemmefrontsleiinga og regjeringa utover sommaren 1945.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Regjeringen og Hjemmefronten under krigen, aktstykker utgitt av Stortinget, Oslo 1948

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]