Heimfall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Heimfall er ein del av dei norske konsesjonslovene, som vart innførte i åra 1909-1917 for å hindre at utanlandsk storkapital fekk kontroll over den norske vasskrafta.

Heimfall tyder at private eigarar av vasskraftressursar må gi eigarskapen attende til staten etter 60 år utan vederlag. Det vil seie at det ligg ein slags automatisk nasjonaliseringsmekanisme i konsesjonslovene. Eller at private berre kan leige i eit gitt tidsrom, og ikkje eigentleg eige norske vasskraftressursar, det vil seie fallrettar og vasskraftverk.

Heimfallsordninga har sikra nasjonalt offentleg eigarskap over den evigvarande og ekstremt verdifulle naturressursen vasskrafta er. Mesta 90 prosent er i dag offentleg eigd, halvparten av dette av staten og den andre helvta av kommunar og fylke. Fortenesta frå vasskraftproduksjonen er viktige inntekter for mange kommunar og fylke i distriktsnoreg.

EFTA-domstolen har sommaren 2007 vedteke at heimfallsordninga er i strid med EØS-avtalen, fordi ho i strid med ein grunnregel i EU "diskriminerer" mellom private og kommunale eigarar. Om kommunale vasskraftverk skal omfattast av heimfall til staten, ottast mange at det vil bli eit press for å selje medan marknadsverdien er høg, og at private og utanlandske kapitalinteresser da vil kunne kjøpe seg inn og få kontroll over den vasskrafta som no er kommunal. Dei ottast altså ei storstilt privatisering av denne ressursen. Motstandarane av heimfallsretten meiner at han hindrar effektiv konkurranse og at han gjev dårlege incentiv til investeringar i private kraftverk (f. eks. for å auke kraftproduksjonen), spesielt mot slutten av eigarskapsperioden.

Særleg Senterpartiet, SV og Raudt er sterke forsvararar av heimfallsordninga slik ho er, og vil sikre at det offentlege held fast på eigarskapen over vasskraftressursane i Noreg.