Heimskringla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tre av dei fyrste utgåvene av Heimskringla på norsk, utgjevne på J.M. Stenersen & Co.s Forlag: Øvst til venstre: Nasjonalutgåva på landsmål frå 1900, nederst til venstre nasjonalutgåva på bokmål frå 1900 og til høgre: Praktutgåva frå 1899.
Foto: K.A. Gallis

Heimskringla, og kalla Norske kongesoger, er ei samling av kongesoger nedskriven kring 1220-talet av islendingen Snorre Sturlason (1179—1242).

Sogene byrjar med Ynglingesoga, soga om Ynglingeætta i Sverige (Svitjod). Etter kvart vert hovudsakleg norske kongar frå 900-talet til 1100-talet omtala. Sogene sluttar med at Øystein Øysteinsson Møyla døyr i 1177.

Namnet Heimskringla kjem av opningsorda i verket, Kringla Heimsins, den runde jordskiva. Heimskringla eller dei norske kongesogene har hatt mykje å seie for å skapa ei norsk nasjonalkjensle.

Heimskringla inneheld dei fylgjande sogene:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heimskringla