Heinrich August de la Motte Fouqué

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich August de la Motte Fouqué

Ernst Heinrich August de la Motte Fouqué (4. februar 16983. mai 1774) var ein prøyssisk general og nær ven av kong Fredrik den store. Fouqué hadde tittelen Freiherr (baron).

Han var fødd i Haag i ein gammal normannisk familie. Fouqué vart ein del av hoffet til Leopold I av Anhalt-Dessau i 1706. Som kadett i 3. Infanterie-Regiment i Halle, tok Fouqué del i det prøyssiske felttoget i Vorpommern. Han vart forfremma til Premier-Leutnant i 1719, Stabskapitän i 1723 og kompanikommandør i 1729.

Fouqué vart ven med kronprins Fredrik II då han vitja han i Küstrin.[1] Etter å ha krangla med Leopold etter at Fouqué ikkje vart forfremma, forlét han Preussen og gjekk inn i teneste for danskane. Då Fredrik inntok trona i 1740 bad Fredrik han kome attende og gjorde han til oberst same år.[2]

Under den første schlesiske krigen i 1742 leia Fouqué ein grenaderbataljon og vart guvernør i Glatz. Han vart generalmajor i 1743 og fekk kommando over eit infanteriregiment eit år seinare. I 1751 vart han generalløytnant.

I 1757 under sjuårskrigen hengde Fouqué den katolske presten Andreas Faulhaber fordi han visstnok hadde oppfordra garnisonen i Glatz til å desertere.[3] Fredrik gav Fouqué kommando over 13 000 soldatar for å forsvare Schlesien mot fiendtlege åtak.[4] I juni 1760 vart den undertalige Fouqué tvungen til å trekke seg attende frå kamp tre gonger mot ein austerriksk styrke leia av Ernst Gideon von Laudon.[5] Då Fredrik gav ordre til generalen om å rykke fram igjen, vart Fouqué slått med 8000 soldatar under slaget ved Landeshut den 23. juli 1760. Han vart skadd tre gonger av sablar, og ville døydd om ikkje stallkaren hans Trautschke hadde varsla dei austerrikske dragonane om at dei angreip ein kommanderande offiser. Då dragonleiaren Voit verna Fouqué og tilbaud han hesten sin, svarte Fouqué: «eg kjem til å skjemme ut den fine salen med blodet mitt» og Volt svarte: «salen min kan berre hauste fordel av blodet til ein helt». Då Fredrik høyrde at Fouqué vart fanga og om åtferda hans, sa han: «Fouqué oppførde seg som ein romar[6]

Fouqué vart sleppt fri frå austerrikarane i 1763, då krigen enda. Han var nøydd til å nytte rullestol og følte skam etter nederlaget ved Landeshut, og ønskte ikkje å kome attende til Glatz. I staden trekte han seg attende til Brandenburg an der Havel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. MacDonogh, s. 844
  2. MacDonogh, s. 133
  3. MacDonogh, s. 270
  4. MacDonogh, s. 283
  5. Reiners, s. 208
  6. Buettner, La Motte Fouqué, in MacDonogh, p. 295