Heinrich Lenz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich Lenz

Heinrich Friedrich Emil Lenz (fødd 12. februar 1804 i Tartu i Estland, død 10. februar 1865 i Roma) var ein tysk-baltisk fysikar, mest kjend for å ha formulert Lenz-lova i 1833.

Han studerte ved Universitetet i Tartu i Estland. Frå 1834 var han medlem av Det russiske vitskapsakademiet og frå 1840 til 1863 var han rektor ved universitetet i St. Petersburg. Han undersøkte hovudsakleg elektriske fenomen som elektromagnetisk induksjon og temperaturavhengnaden til elektrisk motstand.