Heinrich Schütz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich Schütz
Schutz.jpg
ca 1660, Christoph Spetner
Alias Henricus Sagittarius[1][2]
Fødd 18. oktober 1585, Köstritz
Død 6. november 1672 (87 år), Dresden
Instrument Orgel
Periode Barokken
Sjanger vokal kyrkjemusikk
Yrke Komponist og organist

Heinrich Schütz (fødd 18. oktober 1585 i Köstritz i Thüringen, død 6. november 1672 i Dresden) var ein tysk barokk-komponist og organist.

Schütz vert rekna som den største tyske komponisten før Bach, og er ved sidan av Claudio Monteverdi ein av dei viktigaste komponistane på 1600-talet. Ein reknar med at Schütz skreiv den første tyske operaen, Dafne, som vart oppført i Torgau i 1627.

Trettiårskrigen, fleire pestepidemiar og sosiale omveltingar prega mykje av den skapande perioden til Schütz. Han byrja karrieren med å skrive store fleirkorsverk inspirert av venetiansk stil, men etter kvart som tilhøva for kulturell utfolding forverra seg vart han tvungen til å skrive mykje av musikken sin for små ensemble.

Det meste av det som er bevart etter Schütz, er vokal kyrkjemusikk. Han var ein av dei beste organistane på tida, men det finst ikkje bevart rein instrumentalmusikk etter han, heller ikkje verdsleg musikk. Det var berre kyrkjemusikken hans som vart publisert, men sjølv om ein tar omsyn til verk som berre er kjent frå biblioteksoppteikningar og andre kjelder finn ein hovudsakleg vokalverk, så truleg var ikkje instrumentalmusikk hovudoppgåva under den lange gjerninga hans som kapellmeister ved hoffet til kurfyrsten i Dresden.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Heinrich vart fødd inn i ein framståande borgarleg familie av frankisk opphav[3] som den nest eldste av dei åtte borna til Christoph Schütz og Euphrosyne Bieger. Då han var fem år gammal flytta familien frå Köstritz i Aust-Thüringen til Weißenfels i Sachsen-Anhalt, der faren overtok gjestehuset «Zum güldenen Ring» etter far sin. Seinare kjøpte han eit gjestehus til som han kalla «Zum Schützen». Christoph fekk ein framståande posisjon i byen, og vart etter kvart borgarmeister. Sine barn gav han ei grundig utdanning, òg musikalsk. To av dei fyre yngre brørne til Heinrich, Benjamin og Georg vart velkjente juristar. Schütz var nært knytt til familien heile livet, og ser ut til å ha hatt eit spesielt nært forhold til broren Georg.

I 1598 overnatta landgreve Moritz von Hessen-Kassel i gjestehuset til Christoph. Greven var ein kyndig musikar og habil komponist, og då han fekk høyre Heinrich synge innsåg han straks talent til guten, og oppfordra foreldra til å sende han til hoffet til greven i Kassel. Foreldra hadde motførestelnader mot at Heinrich skulle slå inn på ein musikalsk løpebane, men greven freista med utsikter til ei allsidig utdanning, og foreldra gav til slutt etter. Opphaldet ved hoffet i Kassel starta i 1599, og greven heldt løftet sitt: Heinrich song i koret samstundes som han gjekk på akademiet til greven Collegium Mauritanum, og frå 1607 kosta greven studiar i juss og etymologi ved universitetet i Marburg[4] samstundes som Heinrich studerte orgelspel og komposisjon.

Venezia[endre | endre wikiteksten]

Ukjent musikar, tidlegare trudd å førestille Schütz.[5] Rembrandt, 1633 Corcoran Gallery of Art, Washington, D.C.

Landgreve Moritz vitja Marburg i 1609 og gav Schütz følgjande oppfordring: «sidan den godt kjente, men ganske gamle musikaren og komponisten Giovanni Gabrieli, framleis er i live, ville eg ikkje gått glipp av sjansen til å høyre han og lære noko av han».[6] Oppfordringa vart følgd opp av eit toårig stipend som skulle nyttast til å studere hos Gabrieli. Schütz skreiv seinare at han først fann det vanskeleg å komponere, og angra på at han hadde forlatt studiane i heimlandet. Men det må ha gått betre etter kvart, for Gabrieli brukte den store framgangen til Schütz i komposisjon og orgelspel som grunngjeving til å oppfordre grev Moritz til å forlenge stipendet med eit tredje år. Schütz avslutta dei to første åra med å gje ut madrigalsamlinga Il Primo libro di Madrigali, og dediserte denne til greven. Òg etter det tredje året vart han sterkt oppfordra om å halde fram, noko han òg gjorde, no med støtte frå foreldra som truleg var vorte meir positivt innstilt til dei musikalske interessene til sonen. Gabrieli og Schütz knytte openbart eit tett personleg vennskap, og på dødsleiet gav Gabrieli ein av ringane sine til Schütz, som på si side alltid omtalte Gabrieli særs ærbødig og rekna han som sin einaste lærar.

Politisk kasteball[endre | endre wikiteksten]

Etter at Schütz var tilbake i Kassel i 1613 fekk han stilling som andreorganist ved hoffet til landgreve Moritz. I august 1614 skreiv kurfyrst Johann Georg I. av Sachsen i Dresden til landgreven og bad om å få låne ein organist ved namn Schütz. Dette fekk han, men nekta så å levere han tilbake. Grev Moritz, som jo hadde kosta utdanninga til Schütz, prøvde i fleire førespurnader å få tilbake sin musikalske juvel, men på grunn av den politiske situasjonen var greven avhengig av å stå på god fot med kurfyrsten og måtte til slutt akseptere at Schütz vart verande i kurfyrsten sitt «eige».[7] I august 1615 vart Schütz fungerande kapellmeister ved hofforkesteret til kurfyrsten i Dresden, på den tida det leiande hoffkapellet i Tyskland. Den formelle tittelen Konsertmeister fekk han ca. 1619 og heldt denne resten av livet. Same år publiserte han Psalmen Davids og gifta seg med den atten år gamle Magdalena Wildeck.

Som kapellmeister hadde Schütz overoppsikten med medlemmene i hoffkapellet og var ansvarleg for all musikk ved hoffet: kyrkjeleg såvel som verdsleg – til underhaldning, ved gudstenestene og ved politiske høve. Dessverre er hans dramatiske verdslege verk (syngespel og ballettar) forsvunne då det vanlegvis berre var teksten som vart trykt.

Trettiårskrigen[endre | endre wikiteksten]

Heinrich Schütz 1627, året Dafne vart oppført

I 1618 braut trettiårskrigen ut med ein så øydeleggjande verknad at han kosta drygt ein tredjedel av den tyske folkesetnaden livet. Kulturlivet vart sjølvsagt sterkt skadelidande og Schütz skreiv: «Som følgje av den vedvarande og farlege krigen i vårt kjære tyske fedreland er den seriøse musikken i store vanskar og ligg mange stader heilt nede».[8] Derfor måtte han sette ned krava til oppføringspraksis og orkesterstorleik «slik at talentet Gud gav meg i denne edle kunsten ikkje skal verte verande uverksam, men i det minste skape noko».[9][10] I tillegg til krigen kom fleire pestepidemiar.

Heinrich og Magdalena Schütz fekk to døtrer, Anna Justina, fødd i 1621, og Euphrosyne, fødd i 1623. Ektefellane var nært knytte til kvarandre, og då Magdalena døydde alt i 1625, tok Heinrich det særs tungt og gifta seg aldri om igjen. Schütz opplevde at alle hans kjære døydde, som broren Georg og begge døtrene.

For å ikkje miste kontakten med trendane i musikklivet på denne tida, reiste Schütz til Italia i 1628 og var der eitt år. Det er mogeleg at han møtte Claudio Monteverdi, men det er ikkje sikkert. Opphaldet gav Schütz mange nye impulsar, til dømes byrja han å skrive i den nye deklamatoriske monodiske stilen som mellom anna Monteverdi hadde vore med på å utvikle. Òg den første boka i Symphoniae sacrae som han publiserte etter han vendte tilbake til Tyskland i 1629, viser teikn på impuls frå opphaldet i Italia.

Hoffkapellet i Dresden hadde på denne tida så store problem med å forsørgje og lønne medlemmene at Schütz stadig prøvde å finne arbeid utanfor Dresden. Han var derfor glad for å kunne takke ja til eit tilbod frå kong Kristian Kvart i København om å leie musikken ved store bryllupsseremoniar. Schütz oppheldt seg i København i åra 1633–1635 og 1642–1644, og fungerte der som dansk overkapellmeister. Elles arbeidde han som musikalsk rådgjevar ved fyrstehoffa i Hannover, Wolfenbüttel, Gera, Weimar og Zeitz. I høve gravferdsseremonien til prins Heinrich II. Posthumus Reuß komponerte Schütz i 1635/36 Musikalische Exequien, den største og viktigaste komposisjonen hans for slike høve. I 1636 publiserte han første del av Kleinen geistlichen Konzerte og andre del i 1639. Høgdepunktet av hans publikasjonsverksemda kom på slutten av 1640-åra med andre del av Symphoniae sacrae i 1647, i 1648 Geistliche Chormusik og i 1650 tredje og siste del av Symphoniae sacrae.

Seine år[endre | endre wikiteksten]

Forfalska portrett[11]

Frå 1645 sendte Schütz stadig søknader om å få pensjonere seg, med sine 60 år følte han seg gammal og hoffkapellet låg uansett nede. Kurfyrst Johann Georg I. avviste alle søknadene, ofte utan å svare eller ved å returnere breva ulesne.[12] Då Johann Georg I døydde i 1656, slo sonen og etterfølgjaren Johann Georg II. saman hoffkapella sine og gav Schütz den etterlengta pensjonen, samt tittelen «ältesten Kapellmeister» som han heldt fram til han døydde.

Schütz nøyt sitt otium i Weißenfels, staden der han voks opp. Frå denne tida stammer «Lukaspasjonen» (rundt 1664), «Matteuspasjonen» (1665) og «Johannespasjonen» (1666), samt «Weihnachtshistorie» (1664). Han siste verk er ei fullstendig tonesetting av Salme 119 (1671), oppdelt i 11 motettar med eit tilhøyrande tysk magnifikat og musikk til Salme 100. Salme 119 er den lengste i Bibelen, og heile verket er gjennomgåande dobbeltkorig. Sidan dette er hans siste verk vert det òg kalla «Schwanengesang».

Schütz døydde i Dresden 87 år gammal og vart gravlagt i den gamle Frauenkirche i Dresden. Gravstøtta forsvann då den gamle kyrkja vart riven i 1727.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Tittelsida til
Psalmen Davids

Heinrich Schütz vert rekna som den viktigaste tyske komponisten i tidlegbarokken. Sjølv om han opphavleg fekk organistutdanning, komponerte han nesten berre vokalmusikk. Etter dei tidlege madrigalane med italiensk tekst skreiv han framfor alt vokalmusikk til tyske bibeltekstar, både for gudstenester og til underhaldning ved det fyrstelege taffelet. Schütz sjølv såg det nok som hovudoppgåva si å skaffe til veie musikk for spesielle høve, som store hoff-festar og politiske hendingar.

Schütz starta karrieren sin i eit strålende hoffmiljø og levde fram til kona døydde eit lykkeleg familieliv, men samanfallet av trettiårskrigen, epidemiar og sosiale omveltingar førte til noko han sjølv skildra som eit «nesten uuthaldeleg tilvære»[13]. I berre liten grad vert desse livserfaringane gjenspegla i musikken hans – komponistar på tida hans skildra sjeldan sine eigne kjensler, men såg på seg sjølv, og vart sett på, som handverkarar som produserte det tenesteherren kravde av dei.

Komposisjonane til Schütz er påverka av læraren Gabrieli, av Monteverdi og av nederlandske 1500-talskomponistar. Tidleg i karrieren komponerte Schütz musikk i eit stort og ekspansivt format, men musikken vart etter kvart enklare og nærast spartansk, ein stil som kulminerer med pasjonane. Dei forverra sosiale tilhøva er den mest truleg årsaka til denne utviklinga.

Schütz innførte den nye italienske konserterande stilen med obligat generalbass til Tyskland og samla den med tysk bibelprosa. Hans meisterlege «omsetjing» av tyske tekster til musikk – preget av erfaringane med den italienske madrigalen – har alltid trollbunde publikum. Bortsett frå bibelprosaen, med særleg vekt på Salmane, sette han sjeldan tekst til rim eller strofisk tekst. Dette kan skuldast at han ikkje fann tyske tekster etter det italienske madrigal-mønsteret og ikkje såg seg i stand til å skrive slike sjølv Schütz samarbeidde uansett med kjente diktarar, til dømes førte samarbeidet med Martin Opitz til pastoralkomedien Dafne. Musikken er tapt, og ein veit ikkje sikkert om dette var ein gjennomkomponert opera eller eit teaterstykke med musikk.

Ved sidan av generalbass-stilen skreiv Schütz i den eldre generalbass-frie stilen, som han heldt for å vere eit godt grunnlag for all komposisjon. Dette viste han i praksis, ikkje berre i madrigalane, men òg i Cantiones sacrae-motettane (1625) og i Geistliche Chormusik (1648). Schütz' spesielle særtrekk var måten han fusjonerte begge stilartene til einskaplege verk gjennom ein virtuos omgang med vokalstemmene såvel som med dei obligate instrumenta, og ei variert handsaming av dei forskjelligaste besetningane, frå små einstemmige konsertar til fleirkorige, klangfulle verk. Òg Schütz sine samtidige anerkjente prestasjonane hans på dette feltet.

Schütz var ein av dei siste komponistane som skreiv i ein modal stil. Harmoniane hans oppstod meir som eit resultat av at sjølvstendige stemmer hamna på same vertikale linje enn av ei kjensle for funksjonell harmonikk – til gjengjeld oppviser mykje av musikken hans ein sterk tonal gravitasjon når han nærmar seg kadensane. Musikken inneheld mykje imitasjon, men er strukturert slik at stemmene ikkje nødvendigvis kjem inn etter same talet på taktslag eller med forutsigbar intervallavstand. Måten Schütz komponerte på fører ofte til intense dissonansar som skuldast ein kontrapunktikk der dei individuelle stemmene flyttar seg korrekt lineært, men slik at resultatet vert ein oppsiktsvekkande harmonisk spaning. Framfor alt viser musikken hans ei eineståande kjensle for aksentueringa og meininga til teksten, ofte formidla ved hjelp av tekniske figurar henta frå musica poetica.

Schütz var ein viktig formidlar av nye musikalske idear frå Italia til Tyskland, og var særs viktig for den tyske musikken som vart skapt etter hans tid. Røtene til den nordtyske orgelskulen ligg hos Schütz (og hos nederlendaren Jan Pieterszoon Sweelinck). Denne musikken kulminerte i verka til J.S. Bach eit hundreår etter.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I levetida si vart Schütz titulert som parens nostrae musicae modernae, dvs. «vår moderne musikks far». I det første tyske musikkhistoriske verket frå 1650 vart han omtalt som «den aller beste tyske komponisten»[14], og på gravstøtta vart han omtalt som saeculi sui musicus excellentissimus, dvs. «århundredets mest fremragande musikar». Av elevane til Schütz finn ein mellom anna Pohle, Weckmann, Theile, Krieger og Vierdanck. Trass ryet sitt i samtida vart han gløymt etter han døydde og vart verande gløymt i 200 år.

Første gong Schütz vart utførleg nemnt etter gløymeperioden var i monografien til Carl von Winterfeld (1834) over Giovanni Gabrieli. Seinare gjorde korleiaren Carl Riedel han kjend gjennom sine eigne omarbeidingar, først og fremst av pasjonane og Sieben Worte. Òg Brahms oppførte nokre av verka til Schütz. I 1885 byrja Philipp Spitta å publisere dei første av dei samla verka til Schütz, og i 1920-åra starta eit intensivt arbeid med framfor alt motettane i Geistliche Chormusik. Ein konsekvens av arbeidet var at det i 1930 vart danna eit Heinrich Schütz-selskap, Internationale Heinrich-Schütz-Gesellschaft som arrangerer Schütz-festspel og Schütz-dagar for å utbre kjennskapen til og forståinga for musikken hans. Ein av grunnleggarane av selskapet, Hans-Joachim Moser, publiserte i 1936 den første Schütz-biografien, og i 1955 byrja selskapet å arbeide med ei ny komplett utgåve som i desember 2006 var kome opp i 34 bind, og ein reknar med å kome opp i 45 bind. I 1979 byrja selskapet å gje ut årbøker med artiklar om komponisten og relaterte emne.

Heinrich-Schütz-støtte i Dresden.

Publiserte verk[endre | endre wikiteksten]

Omtrent 500 enkeltstykke er bevart etter Schütz, dei fleste finst i dei publiserte samlingane nedanfor.

  • Il primo libro de madrigali (første bok med madrigalar) (Venezia, 1611)
  • Psalmen Davids (Bok 1) (Dresden, 1619)
  • Historia der frölichen und siegreichen Aufferstehung ... (Historia om Jesu oppstode) (Dresden, 1623)
  • Cantiones sacrae (Freiberg, 1625)
  • Psalmen Davids (Bok 2) (Freiberg, 1628)
  • Symphoniae sacrae (Bok 1) (Venezia, 1629)
  • Musicalische Exequien (Dresden, 1636)
  • Kleine geistliche Konzerte (Bok 1) (Leipzig, 1636)
  • Symphoniae sacrae (Bok 2) (Dresden, 1647)
  • Geistliche Chor-Music (Dresden, 1648)
  • Symphoniae sacrae (Bok 3) (Dresden, 1650)
  • Zwölf geistliche Gesänge (Dresden, 1657)
  • Psalmen Davids (revidert utgåveav bok 2) (Dresden, 1661)
  • Magnificat
  • Weihnachtshistorie (juleoratorium) (Dresden, 1664)
Sjå òg

Fullstendig verkliste (Schütz-Werke-Verzeichnis - på tysk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Heinrich Schütz» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2010.
  • Rifkin, Joshua; Timms, Colin (1985). Sadie, Stanley. ed (på en). North European Baroque Masters. The New Grove. London: PAPERMAC. ISBN 0-333-39018-0. 
  • Rifkin, Joshua (1987) (på de). Henrich Schütz. Auf dei Wege zu einem neuen Bild von Persönlichkeit und Werk.. Schütz-Jahrbuch 1987. Kassel: Bärenreiter. ISBN 3-7618-0819-4. 
  • Hans Joachim Moser, Heinrich Schütz. Sein Leben und sein Werk, Kassel, 1936
  • Hans Heinrich Eggebrecht, Heinrich Schütz. Musicus Poeticus, Göttingen 1959, Wilhelmshaven 1984, ISBN 3-7959-0410-2
  • Otto Brodde, Heinrich Schütz. Weg und Werk, Kassel 1979, ISBN 3-7618-0159-9
  • Wolfram Steude: Zum gegenwärtigen Stand der Schütz-Ikonographie., i: Schütz-Jahrbuch 1985/86. Kassel: Bärenreiter 1986, S. 50-61, ISBN 3-7618-0778-3
  • Martin Gregor-Dellin, Heinrich Schütz. Sein Leben, sein Werk, seine Zeit, München 1987, ISBN 3-492-02919-1
  • Mara R. Wade: Heinrich Schütz as Artistic Director of the Great Wedding, i: German Court Culture and Denmark. Wiesbaden: Harrassowitz 1997, s. 221-278, ISBN 3-447-03899-3
  • Michael Heinemann, Heinrich Schütz, Rowohlt, Hamburg 1994, ISBN 3-499-50490-1
  • Michael Heinemann, Heinrich Schütz und seine Zeit, Laaber, 1993, ISBN 3-89007-116-3
  • Michael Heinemann, Heinrich Schütz in Kassel und Venedig, i: Heiner Borggrefe, Vera Lüpkes, Hans Ottomeyer (Hrsg.): Moritz der Gelehrte. Ein Renaissancefürst in Europa, 1997, s. 301ff., ISBN 3-932353-04-8
  • Schütz-Jahrbuch, hrsg. von Walter Werbeck, in Verbindung mit Werner Breig, Friedhelm Krummacher und Eva Linfield, Bärenreiter-Verlag Kassel 1979ff. ISBN 978-3-7618-1684-4
  • Fritz Roth: Restlose Auswertung von Leichenpredigten und Personalschriften für genealogische und kulturhistorische Zwecke, bd. 2 R 1878
  • Vladimir Steingard, Elisabeth Sobol (Übers.): Heinrich Schütz: Persönlichkeit, Schaffen, Kompositionsstil: Eine neue Monographie-Konzeption. Monsenstein Vannerdat, MV-Wissenschaft, 2007, ISBN 978-3-86582-530-8

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Latinisert namn som tyder «Skytte» («Schütz»).
  2. I sine autografe manuskript skreiv han alltid Henrich (Rifkin1987 s 5)
  3. Rifkin & Timms 1985: s 1
  4. Heinrich Schutz (1585–1672): Kulturpatriotismus Und Deutsche Weltliche Vokalmusik - &Laquo; Zum Auffnehmen Der Music/Auch Vermehrung Unserer Nation: Elisabeth Rothmund
  5. cf. Steude 1986, p. 58-61
  6. Rifkin & Timms 1985: s 5
  7. Rifkin & Timms 1985: s 7-12
  8. „die löbliche Music von den anhaltenden gefährlichen Kriegs-Läufften in unserm lieben Vater-Lande Teutscher Nation nicht allein in grosses Abnehmen gerathen, sondern an manchem Ort gantz niedergeleget worden“
  9. „damit mein von Gott verliehenes Talentum in solcher edlen Kunst nicht gantz ersitzen bleiben sondern nur etwas weniges schaffen und darreichen möchte“
  10. Forord til første del av Kleinen geistlichen Konzerte, Leipzig, 1636)
  11. Forfalskinga vart truleg laga til Schütz-jubileet i 1935 og skal forestille Heinrich Schütz anno 1670. Steude 1986, S. 58-61
  12. Rifkin & Timms 1985: s 50
  13. „nahezu qualvolle Existenz“
  14. „den allerbesten teutschen Componisten“

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heinrich Schütz
Notar