Heinz Fischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Fischer

Dr. Heinz Fischer (fødd 9. oktober 1938) er ein austerriksk politikar frå det sosialdemokratiske partiet Sozialdemokratische Partei Österreichs. Han vart vald til president i Austerrike 25. april 2004 med 52,4 % av stemmene, over den konservative motkandidaten, utanriksministeren i Austerrike, Benita Ferrero-Waldner. 8. juli same år vart han innsett som president, to dagar etter at forgjengarenThomas Klestil døydde.

Fischer er fødd i Graz i Steiermark, og avla sin Matura (examen artium) i 1956. Han studerte deretter jus ved Universität Wien, der han i 1961 vart dr.jur. Han habiliterte seg i 1978, og vart i 1993 professor i statsvitskap. Fischer er innehavar av storkrossen av St. Olavs Orden.

Sidan 1971 har Fischer vore medlem av nasjonalrådet i Austerrike (underhuset i parlamentet i Austerrike). Mellom 1983 og 1987 var han forskingsminister i ein koalisjon under kanslaren Fred Sinowatz, og 1990-2002 var han president i nasjonalrådet.

Kandidaturet hans til å til å etterfylgje Thomas Klestil som president vart gjort kjent i januar 2004. Fischer la då ned partifunksjonane sine, som medlem av sentralstyret og viseformann.

Heinz Fischer har vore gift med kona si Margit sidan 1968 og har to vaksne ungar. Han er ein ivrig fjellklatrar og mangeårig leiar for dei austerrikske naturvenene.