Heiterwanger See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heiterwanger See
Heiterwanger See - Heiterwanger See sett ovanfrå
Heiterwanger See sett ovanfrå
Stad Tyrol i Austerrike
Koordinatar 47°27′30″N 10°46′50″E
Tilknytte land Austerrike
Overflateareal 1,37 km²
Største djupne 61 m
Høgd over havet 976 m

Heiterwanger See er ein liten innsjø i Tyrol i Austerrike. Overflata er om lag 1,37 km² stor og på det djupaste er han 61 meter. Innsjøen er kjend for å vere rik på fisk på og keisar Maximilian I av Austerrike var ofte her og fiska. Det er derimot lite algar i innsjøen, som er svært klår med ein sikt på opp til 15 meter. Eit vasskraftverk er òg knytt til av elvene som renn ut i innsjøen, og derfor er ofte vasstanden lågare om vinteren enn vanleg.