Hejira av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hejira
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve November 1976
Innspelt 1976
Studio A&M, Hollywood
Sjanger *Folk jazz
Lengd 52:18
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
The Hissing of Summer Lawns
(1975)
Hejira Don Juan's Reckless Daughter
(1977)


Hejira er det åttande studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Songane på albumet vart skrivne under ei rekkje bilturar i 1975 og 1976, og syner til hendingar som skjedde på desse turane, mellom anna romantiske forhold ho hadde på den tida. Songane er tekstrike med bandlaus bass av Jaco Pastorius (som Mitchell nettopp hadde møtt), og Hejira held fram den musikalske reisa hennar bort frå pop mot ein friare, jazzinspirert musikk, som ho kom til å spele mykje på seinare innspelingar. Somme av songane vart skrivne medan Mitchell reiste som medlem av Rolling Thunder Revue-turneen til Bob Dylan og ho framførte opningssporet på albumet med The Band på den siste konserten deira (seinare gjeve ut som Martin Scorsese-filmen The Last Waltz).

Albumet selde ikkje like godt som føregangarane, og nådde 22. plassen på i heimlandet Canada. Det nådde 13. plassen på Billboard 200-lista i USA, der det selde til gullplate, og 11. plassen i Storbritannia der det selde til sølvplate. Albumet fekk generelt god kritikk og har i seinare år blitt rekna som eit av høgdepunkta i karrieren hennar.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mitchell vart albumet skrive under og etter tre reiser ho føretok seg seint i 1975 og tidleg i 1976. Den første var ein kort periode som medlem av Bob Dylan-turneen Rolling Thunder Revue seint i 1975. På denne tida var ho byrja å misbruke kokain og det kom til å ta ho fleire år å bli kvitt misbruket.

I februar 1976 skulle Mitchell spele seks veker med konsertar i USA for å marknadsføre The Hissing of Summer Lawns. Men forholdet mellom Mitchell og kjærasten hennar John Guerin (som var trommeslagaren hennar på desse konsertane) var dårleg, kanskje fordi Mitchell hadde ein affære med skodespelaren Sam Shepard under Rolling Thunder Revue. Stemninga vart så dårleg at turneen måtte avsluttast då halvparten var unnagjort.

Den tredje reisa kom kort tid etter då Mitchell reiste over Amerika med to menn, ein av dei ein tidlegare kjæraste frå Australia. Denne reisa inspirerte seks av songane på albumet. Ho køyrde med dei to venene frå Los Angeles til Maine, og drog så attende til California aleine via Florida og Mexicogulfen. Ho reiste utan førarkort og heldt seg bak lastebilar, og stolte på at dei gav signal når politiet var føre dei. Ho køyrde derfor berre i dagslys.[1][2]

Under somme av soloreisene hennar, gjekk Mitchell med ein raud parykk, solbriller og sa til ulike framande ho møtte at ho heitte «Charlene Latimer» eller «Joan Black».[3] Trass i forkledinga vart Mitchell stundom gjenkjent.

Under innspelinga av albuma Court and Spark og The Hissing of Summer Lawns, vart Mitchell stadig meir frustrert av rockemusikarar ho hadde leigd inn til å spele musikken sin. «...Det var ornamenterte tonar og småting som eg tenkte kom til å forsvinne i lyden.»[4] Studiomusikarane rådde så Mitchell i å sjå seg om etter jazzmusikarar til å spele med ho på plata. I tillegg vart forholdet hennar til trommeslagaren John Guerin (som hadde vart gjennom store delar av midten av 1970-åra) med på å påverke henne til å gå meir i retning av eksperimentell jazz og lenger bort frå røtene hennar i folk og pop.

Etter å ha spelt inn grunnspora til det som vart Hejira, møtte Mitchell bassisten Jaco Pastorius og dei fann raskt dei musikalske tonane saman.[5] Mitchell var misnøgd med det ho kalla den «daude, fjerne basslyden» frå 1960-åra og tidleg i 1970-åra, og byrja å lure på kvifor basspartane alltid måtte spele roten av akkordane.[6] Ho overdubba basspartane hans på fire av spora på Hejira og gav ut albumet i november 1976.[5]

Albumet er dominert av gitaren til Mitchell og den bandlause bassen til Pastorius og hadde mange inspirasjonskjelder, men var likevel meir samanhengande og tilgjengeleg enn somme av dei meir jazzorienterte albuma hennar seinare. «Coyote», «Amelia» og «Hejira» vart faste konertsongar, særskild etter konsertalbumetShadows and Light i lag med «Furry Sings the Blues» og «Black Crow».

Albumtittelen[endre | endre wikiteksten]

Albumtittelen er ein uvanleg translitterasjon av det arabiske ordet som vanlegvis vert skrive Hegira eller Hijra, og som tyder «sprekk», og som vanlegvis referer til vandringa til den islamske profeten Muhammed (og følgjesveinane hans) frå Mekka til Medina i 622. Ho seinare sa at då ho valde denne tittelen, såg ho etter eit ord som tydde «springe bort med ære.»[7] Ho fann ordet «hejira» medan ho las ordboka og vart trekt mot den «dinglande j-en, som i Aja... det forlet draumen, utan skuld».[7]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Portretett av Mitchell på framsida av plateomslaget er teken av Norman Seeff og dei andre fotografia er tekne av Joel BernsteinLake Mendota i Madison i Wisconsin. Kunstløparen Toller Cranston er avbilda på baksida.[8]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Mitchell har skildra albumet som «verkeleg inspirert... det er ein kvilelaus kjensle gjennom det heile... Den søte einsemda ved å reise aleine»,[9] og har sagt at «Eg tenkjer at mange folk kunne ha skrive mange av dei andre songane mine, men eg kjenner at songane på Hejira berre kunne ha kome frå meg.»[1]

Hejira opnar med «Coyote», om eit eingangsligg med ein kvinnebedårar,[1] som fleire biografar har spekulert i om det kan vere Shepard.[10] Mitchell spelte seinare songen med The Band på farvellkonserten deira i 1976, som sidan kom ut som filmen og albumet The Last Waltz (1978).

Det andre sporet på Hejira, «Amelia», var inspirert av brotet til Mitchell med den dåverande kjærasten John Guerin, og er skildra av ho som ein nesten eksakt forteljing av kva ho opplevde i ørkenen.[1] Songen blandar ei soge om ei reise gjennom ein ørken[11]) med den kjende flygaren Amelia Earhart som på mystisk vis forsvann under ein flytur over Stillehavet. Mitchell har snakka om opphavet til songen: «Eg tenkte på Amelia Earhart og adresserte det frå ein einsam pilot til ein annan... og reflekterte på eit vis om kostnaden av å vere ei kvinne og ha noko du må gjere.»[9] Kvart vers endar med refrenget «Amelia, it was just a false alarm», og skiftar mellom to toneartar, og gjev songen ei konstant uroleg kjensle.[12]

«Furry Sings the Blues», med Neil Young på munnspel, er ei soge om då Mitchell møtte bluesgitaristen og songaren Furry Lewis i Beale Street i Memphis på ei tid då området kring vart øydelagd.[13] Lewis var misnøgd med at Mitchell brukte namnet hans.[14][15] Mitchell spelte ofte songen på konsertane sine. «Furry Sings the Blues» vart òg framført av Mitchell på farvellkonserten til The Band. Denne versjonen av songen kom ikkje ut på The Last Waltz i 1978, men kom sidan med på utgåva som kom ut i 2002.

«A Strange Boy» fortel om eit forhold Mitchell hadde med ein av mennene ho reiste med frå Los Angeles til Maine. Han var flyvert i trettiåra som budde med foreldra sine.[1]

«Hejira» handlar om årsakene til at Mitchell forlet Guerin, og Mitchell skildra det som den songen på albumet det truleg var vanskelegast å skrive.[1] Pastorius spelar bass på songen, som vart inspirert av at Mitchell brukte fleire spor til gitaren hennar, og brukte fire separate spor for nøye arrangerte bassparti, der alle fire stundom spelte i lag i visse delar av songen.[16]

Side to av Hejira byrjar med «Song for Sharon», som med ei lengd på åtte minutt og 40 sekund er det lengste sporet på albumet. Teksten omhandlar konflikten ei kvinne møter når ho må velje mellom fridom og ekteskap. Songen refererer til stader Mitchel vitja på reisa si til New York City, inkludert scener frå gitarbutikken Mandolin BrothersStaten Island og eit besøk hos ei spådame i Bleecker Street.[1][17] Songen vart visstnok skriven medan Mitchell var høg på kokain mot slutten av besøket hennar i byen.[1] Songen er kalla opp etter barndomsvenen Sharon Bell var nemnt i songen. Ho studerte song og ønskte å bli ein songar då ho var ung, men gifta seg med ein bonde. Mitchell ønskte å vere ei bondekone, men enda opp med å bli ein songar.[18] Songen nemner òg den siste krangelen og den avbroten turneen som vart slutten for forholdet mellom Mitchell og Guerin: «I left my man at a North Dakota junction, and I came out to The Big Apple here to face the dream's malfunction.»

I følgje biografiforfattaren Sheila Weller har «Song For Sharon» òg ein skjult referanse til sjølvmordet til kona til Jackson Browne i mars 1976, motemodellen Phyllis Major.[19][20] Browne og Mitchell hadde eit kortvarig forhold i 1972 og ved mindt eitt høve skal Browne visstnok fysisk ha misbrukt Mitchell.[21] Etter forholdet deira var slutt, gifta Browne seg etter kort tid med Major.[19] Sjølv om Major hadde døydd av ein overdose barbiturat, song Mitchell «A woman I knew just drowned herself», og spurte om sjølvmordet var ein måte å «straffe nokon» på.[20]

Teksten til «Black Crow» handlar om kor praktisk vanskeleg det var for Mitchell å reise frå den andre heimen sin på Sunshine Coast i British Columbia.[1]

«Blue Motel Room» vart skriven på DeSoto Beach Motel i Savannah i Georgia. Songen var inspirert av det første brotet mellom Mitchell og Guerin, før dei kom saman att.[22] Teksten omhandlar at Mitchell håpa at dei skulle kome saman at og at ho fortel han ho er forelska i om å avvise andre friarar: «Tell those girls that you've got German Measles, honey tell 'em you've got germs.»[1]

«Refuge of the Roads» vart skriven om eit tredagars besøk hos den kontroversielle, buddhistiske meditasjonsmeisteren Chögyam Trungpa i Colorado på veg attende til Los Angeles.[1][23] I følgje Mitchell var det under dette besøket tidleg i 1976 at Trungpa kurerte ho for kokainavhengigheita hennar.[24] Ho sa seinare at dette sporet var ein av favorittsongane hennar,[22] og kom til å spele inn melodien på ny, i lag med «Amelia» og «Hejira», i lag med fullt orkester i 2002 på albumet hennar Travelogue.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i november 1976 på Asylum Records. Trass i at det nådde 13. plassen på Billboard 200-lista og selde til gullplate i USA, vart songane lite spelte på radio.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[25]
Christgau's Record GuideB+[26]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[27]
The Great Rock Diskografi9/10[27]
Le Guide du CDGOLD[27]
MusicHound Rock3/5[28]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[29]
Polari Magazine5/5 stars[30]

I ei melding for Rolling Stone skreiv Ariel Swartley at Mitchell forlate melodiar og minneverdige tonar til fordel for «nye, forførande rytmar» og «svulstige gitarar», og at resultatet, trass i «ein tilsynelatande enkelheit», var «like sofistikert og fengslande som noko anna ho har gjort».[31]

I 1991 plasserte Rolling Stone plateomslaget på 11. plassen på lista si over dei beste plateomslaga gjennom tidene.[32]

Det vart plassert på 776. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[33] På lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene, vart songen rangert på 133. plassen.[34]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Coyote»5:01
2.«Amelia»6:01
3.«Furry Sings the Blues»5:07
4.«A Strange Boy»4:15
5.«Hejira»6:42
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Song for Sharon»8:40
7.«Black Crow»4:22
8.«Blue Motel Room»5:04
9.«Refuge of the Roads»6:42

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joni Mitchell – vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar
  • Chuck Findley, Tom Scott – horn (på «Refuge of the Roads»)
  • Abe Most – klarinett (på «Hejira»)
  • Neil Young – munnspel (på «Furry Sings the Blues»)
  • Victor Feldman – vibrafon (på «Amelia»)
  • Larry Carlton – elektrisk gitar (på «Amelia», «A Strange Boy» og «Black Crow»); akustisk gitar (på «Blue Motel Room»)
  • Max Bennett – bassgitar (på «Furry Sings the Blues» og «Song for Sharon»)
  • Jaco Pastorius – bandlaus bass (på «Coyote», «Hejira», «Black Crow» og «Refuge of the Roads»)
  • Chuck Domanico – kontrabass (på «Blue Motel Room»)
  • John Guerin – trommer (på «Furry Sings the Blues», «Song for Sharon», «Blue Motel Room» og «Refuge of the Roads»)
  • Bobbye Hall – perkusjon (på «Coyote», «A Strange Boy» og «Hejira»)

Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Fisher, Doug (8. oktober 2006). «The trouble she's seen». Ottawa Citizen. Henta 19. juni 2021. 
  2. Ruhlman, William (17. februar 1995). «From Blue to Indigo». Gullmine. Henta 19. juni 2021. 
  3. Mercer, Michelle (2009). Will You Take Me As I Am: Joni Mitchell's Blue Period. Simon and Schuster. s. 182–. ISBN 978-1-4165-6655-7. Henta 25. juni 2017. 
  4. Weller, Sheila (2008). Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon -- and The Journey of a Generation. New York, NY: Atria Books. s. 412. ISBN 978-0743491488. 
  5. 5,0 5,1 Breese, Wally (January 1998). «Biography: 1976–1977 Refuge of the Roads». Jonimitchell.com. Henta 19. juni 2021. 
  6. Mitchell, Joni (December 1987). «The Life and Death of Jaco Pastorius». Musikar. Henta 19. juni 2021. 
  7. 7,0 7,1 Daily Motion video: «Joni Mitchell: Painting With Words and Music
  8. LaGreca, Angela (June 2005). «Joni Mitchell Library - The Making of the Hejira Cover: Rock Photo, June 2005». www.jonimitchell.com. Henta 1. juli 2021. 
  9. 9,0 9,1 Hilburn, Robert (8. desember 1996). «Both Sides, Later». Los Angeles Times. Henta 19. juni 2021. 
  10. Friedman, Roger (1. april 2008). «Joni Mitchell's '70s Suicide Attempt». Fox News. Henta 7. juli 2021. 
  11. Rosenbaum, Ron (4. desember 2007), «The Best Joni Mitchell Song Ever», Slate 
  12. Manoff, Tom, Joni Mitchell's Stylistic Journey, PBS 
  13. Levitin, Daniel (1996). «A conversation with Joni Mitchell» (PDF). Grammy Magazine 14 (2). Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 19. juni 2021. 
  14. «newsobserver.com |On the Beat: David Menconi on music – Elvis forever and ever, amen». Blogsarchive.newsobserver.com. Arkivert frå originalen 2. april 2009. Henta 7. juli 2021. 
  15. Rolling Stone article: «Furry Lewis is Furious at Joni.» 24. februar 1977.
  16. Suchow, Rick (December 2011). «Jaco at 60: his legacy lives on». Bass Musikar. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 19. juni 2021. 
  17. Ohrstrom, Lysandra (15. juli 2008). «Mandolin 'Mecca' on Staten Island». The New York Observer. Henta 19. juni 2021. 
  18. Aikins, Mary (July 2005). «Heart of a Prairie Girl». Reader's Digest. Henta 19. juni 2021. 
  19. 19,0 19,1 http://www.lamag.com/culturefiles/a-requiem-for-jackson-brownes-dream/
  20. 20,0 20,1 Weller, Sheila (2008). Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon -- and The Journey of a Generation. New York, NY: Atria Books. s. 410–411. ISBN 978-0743491488. 
  21. Weller, Sheila (2008). Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon -- and The Journey of a Generation. New York, NY: Atria Books. s. 407. ISBN 978-0743491488. 
  22. 22,0 22,1 Weller, Sheila (2008). Girls Like Us: Carole King, Joni Mitchell, Carly Simon -- and The Journey of a Generation. New York, NY: Atria Books. s. 415. ISBN 978-0743491488. 
  23. Ehrlich, Dimitri (April 1991). «Joni Mitchell». Interview. Henta 7. juli 2021. 
  24. Aikin, Mary (juli 2005). «Heart of a Prairie Girl». Reader's Digest. s. 146–148. Henta 7. juli 2021. 
  25. Cleary, David (2011). «Hejira – Joni Mitchell | AllMusic». allmusic.com. Henta 2. februar 2021. 
  26. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. februar 2021 – via robertchristgau.com. 
  27. 27,0 27,1 27,2 «Joni Mitchell Hejira». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 18. mars 2014. 
  28. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  29. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Joni Mitchell». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 547–548. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 8. september 2009.  Portions posted at «Joni Mitchell > Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 2. februar 2021. 
  30. Bryant, Christopher (26. mars 2009). «Hejira • Joni Mitchell». polarimagazine.com. Henta 7. juli 2021. 
  31. Ariel Swartley (2011). «Hejira by Joni Mitchell». rollingstone.com. Henta 2. februar 2021. [daud lenkje]
  32. «Rolling Stone's 100 Greatest Album Covers». Rate Your Music. 14. november 1991. Henta 7. juli 2021. 
  33. Colin Larkin (2006). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 244. ISBN 0-7535-0493-6. 
  34. «The 500 Greatest Albums of All Time: 140–69». Rolling Stone. Henta 7. juli 2021.