Heksameter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Heksameter».

Heksameter (av gr. hex, «seks» og metron, «mål») er i verslæra eit seksføtt versemål, særleg kjent frå Iliaden og Odysseen, og Aneiden. Opphavet er gresk, og var det faste episke versemålet i gresk og romersk dikting.

Dei fire fyrste verseføtene er anten daktylar (– ∪ ∪ ) eller spondear (– –), den femte oftast alltid ein daktyl, den sjette ein spondé eller ein troké (– ∪).

I den tredje eller fjerde (sjeldan) versefoten må eit ord enda og eit anna byrja. Dette er kalla cesur (lat. caesura, «avskjering»), ei kvile i takten; og er i skanderinga merkt med to loddrette strekar.

Medan vers på norsk er bundne ihop av linjer som byggjer på skiftinga mellom tyngde og utyngde stavingar (aksentuerande), bygger antikke greske og latinske (ikkje alltid, men gjeld her) vers på skiftinga mellom lange og stutte stavingar (kvantitativ). Dette gjer at heksameteret ikkje høver vel i norsk dikting.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Dei to fyrste verselinjene frå fyrste boka av Odysseen:

ándra moi énnepe, moûsa, polútropon, hòs mála pollà
plánkhthæ, epeì Troíæs hieròn ptolíethron épersen:

Omsetjing (Arne Garborg):

Songdis, fortèl meg um mannen hin rådsløge, han som so vide
kringum laut flakke, daa øydt han hadde det heilage Troja,