Hekseforfølgingane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hekseforfølgingane var tradisjonelt leiting etter hekser eller prov for hekseri, som kunne føre til ei rettssak for den personen som var skulda. Hekseforfølging finst framleis i lokalsamfunn der religiøse verdiar fordømer hekse-praksis og okkultisme. Meir generelt kan termen brukast om forfølging av ein oppfatta fiende, oftast ikkje-konforme grupper, ei forfølging prega av ekstreme fordomar og utan omsyn til faktisk skuld eller uskuld.

I mange hundre år trudde kristne at djevelen verka gjennom menneske og dyr. Det var omfattande forsøk på å utrydde den påståtte innverknaden frå djevelen, retta mot menneske som vart skulda for å tene han. Folk som var mistenkte for å vere besette av djevelen vart stilte for retten. Desse rettssakene var einsidig retta inn på å finne den som var skulda for hekseri skuldig.

Det er ulike syn på kva tid og korfor dei store hekseforfølgingane tok til, men inkvisisjonen til den katolske kyrkja vart systematisk involvert frå 1400-talet. Likevel var det i protestantiske land at forfølgingane var mest utbreidde. Mange mistenkte var kvinner som levde i småbyar, landsbyar og bygder der dei kanskje praktiserte naturmedisin eller som jordmødrer, men ofte var det rett og slett fattige uutdanna kvinner som ikkje hadde mektige venner. Kristne styresmakter såg på alle uttrykk for ikkje-kristen spiritualitet med intenst hat og paranoia.

Dei viktigaste formene for prov i mange hekseprosessar var oppnådd ved «prøving». Dette omfatta tortur av fælaste slag, blant anna glovarme klyper, tommeskruver og mange andre liknande metodar. Heksefinnarane bruka systematisk grov tortur for å presse fram tilståingar og fordømingar av venner, slektningar og grannar. Vanlege avrettingsmåtar var levande brenning, henging og drukning. Historikarar reknar med at mellom 40 000 og 60 000 menneske vart avretta som hekser i den perioden da dei fleste prosessane fann stad, mellom ca 1450 og ca 1750.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]