Helagsfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°54′0″N 12°27′0″E
Helagsfjället
fjell
none  Helagsfjellet i juni 2009
Helagsfjellet i juni 2009
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Region Härjedalen
Fjellkjede Dei skandinaviske fjella
høgd 1 796 moh
skardhøgd 1 133 m
koordinatar 62°54′0″N 12°27′0″E

Helagsfjellet, på svensk Helags og på sørsamisk Maajåelkie, er eit 1 797 meter over havet høgt fjell nord for Ljungdalen heilt i nordvest i Härjedalen i Sverige. Fjellet ligg nær riksgrensa mot Noreg og lensgrensa til Jämtland. Fjelltoppen er den høgste i Sverige sør for polarsirkelen. På den sørvestlege sida av fjellet finst den 1 682 moh. høge toppen Predikstolen. På austsida av fjellet ligg den sørlegaste isbreen i Sverige, Helagsglaciären. Fjellet har ein markant profil og reiser seg bratt opp 700 meter over høgfjellsplatået. Ved foten av fjellet ligg Svenska Turistföreningen sin 'Helags fjällstation', som ofte får vitjingar både i sommar- så vel som vintersesongen.