Helen Clark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helen Elizabeth Clark (fødd 26. februar 1950) er ein newzealandsk politikar og tidlegare statsminister.
Clark var statsminister på New Zealand frå desember 1999 til desember 2008, i tre valperiodar. Ho var leiar av det newzealandske arbeidarpartiet frå 1993 til det tapte valet i 2008. Helen Clark var den andre kvinnelege statsministeren på New Zealand, og den første som blei utnemnd gjennom val.
I 2009 blei ho leiar for Dei sameinte nasjonane sitt utviklingsprogram (UNDP), den tredje høgaste stillinga i SN.
| Føregjengar Jenny Shipley |
Statsminister på New Zealand 1999–2008 |
Etterfylgjar John Key |