Helene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Helene (fleirtyding).

Helene og Helena er kvinnenamn avleidd frå det greske Ελένη som tyder 'lysande' eller 'strålande' (som ein fakkel). Det har gjeve opphav til ei rekke andre namneformer, som Helen, Elena, Ellen og Elaine. I moderne gresk er namnet Eleni.

Namnet er kjend frå gresk mytologi, og blir først nemnd i Iliaden, forteljinga om Trojanarkrigen, som blei kjempa om den vene Helene, den venaste kvinna i verda. Dei greske sogene fortel også om andre namneberarar: Amasonekrigaren Helene, dotter av Tityrus, som døydde i kamp mot Akilles, og ei venninne av Venus, som fekk hjelp av gudinna til å forføra Adonis.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne namneartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.