Helene C. Kløvstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helene C. Kløvstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1903
Død

13. mars 1998 (94 år)

Yrke omsetjar, lærar, forlagsredaktør

Helene Conradi Kløvstad (5. april 190313. mars 1998) var ein norsk lærar, forlagsredaktør og omsetjar.

Kløvstad var den fyrste omsetjaren av Donald Duck & Co då teikneserien fyrst vart gjeven ut i Noreg i 1948.[1] Ho gav norske namn til figurane Carl Barks hadde teikna. Ho omsette Donald Duck & Co til norsk fram til utgangen av 1960.[2]

Helene Kløvstad var også barnebokredaktør. Ho samarbeidde med Thorbjørn Egner om dei fyrste banda av Thorbjørn Egners lesebøker.[3]

Av yrke var ho lærarinne i folkeskulen i Oslo og arbeidde særleg med born med lesevanskar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rindal, Magnus (1998). Brobyggere: oversettelser til norsk fra middelalderen til i dag. Aschehoug. s. 154. ISBN 8203180604. 
  2. Fra Duckburg til Andeby: Donald på norsk | Norsk Oversetterleksikon (på norsk bokmål), henta 19. februar 2022 
  3. Stokke, Erle M. (1969-) (1999). Thorbjørn Egner. Biblioteksentralen. s. 15. ISBN 8270222402.