Helene Schjerfbeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helene Schjerfbeck

Statsborgarskap Finland
Fødd 10. juli 1862
Helsingfors
Død

23. januar 1946 (83 år)
Saltsjöbaden

Yrke kunstmålar, kunstnar
Språk finsk
Helene Schjerfbeck på Commons
Signatur

Helene Schjerfbeck (10. juli 186228. januar 1946) var ein finlandssvensk målar. Ho er blant anna kjent for ein ei rekkje ekspressive sjølvportrett og motiv i ein uttrykksfull konsentrasjon og forenkling med markant linjerytme og sparsomme, fint berekna fargeaksentar.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Schjerfbeck var fødd i Helsingfors i det dåverande Storfyrstedømet Finland.

Åra 1877-79 studerte ho for Adolf von Becker og i 1880-åra var ho elev på Académie Colarossi i Paris. Også i 1890-åra var ho mykje i Paris, der ho blant anna arbeidde i Albert Edelfelt sitt atelier 1896–97. Si første separatutstilling hadde Schjerfbeck i Helsingfors 1917 med hjelp av kunsthandlar Gösta Stenman, som òg ordna med den første utstillinga hennar i Stockholm i 1937, der ho slo igjennom 75 år gammal. Etter utenlandsoppholdene og åtte års lærarverksemd i Helsingfors til 1902, levde ho resten av livet sitt stille og isolert i finske småbyar.[1] Schjerfbeck vart verande ugift. Ho døydde i Saltsjöbaden i Sverige.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Frå tidlege historiske og realistiske måleri utvikla Schjerfbecks malarkunst seg i modernistisk retning. Ho målte seinare primært stilleben og uttrykksfulle sjølvportrett i eit mot alderdomen stadig meir redusert og koloristisk sparsomt måleri. Berømte måleri er blant anna Konvalescenten (1888) og Självporträtt med svart bakgrund (1915).

Schjerfbeck var sjukeleg og budde lenge i sjølvvald isolasjon i Hyvinge og seinare i Ekenäs. Dei siste åra sine heldt til ho i Sverige, i Saltsjöbaden. I Hyvinge finst framleis Sininen talo («Blåa huset») der Schjerfbeck budde. Huset er ikkje blått idag (det er gult no). Også ei gate i Hyvinge ber namnet hennar, Helenenkatu (Helenegatan), i tillegg til ein restaurant på denne gata, Ravintola Helene (Restaurant Helene). Restauranten ligg der heimen til Schjerfbeck ei tid låg.

Ei betydeleg samling av Schjerfbecks verk finst idag på Gyllenbergs konstmuseum i Helsingfors.

Livet hennar ligg til grunn for Rakel Liehus roman Helene, som vart nominert til Litteraturprisen til nordisk råd frå Finland.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Helene Schjerfbeck omtalt i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]