Helene Uri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helene Uri på Oslo bokfestival 2010

Helene Uri (fødd 11. desember 1964) er ein norsk forfattar og språkforskar som har gjeve ut faglitteratur, barne- og ungdomsbøker og romanar.

Helene Uri er fødd i Stockholm. Ho fekk doktorgrad i lingvistikk ved Universitetet i Oslo i 1996. Uri debuterte skjønnlitterært i 1995 med ungdomsromanen Anna på fredag, ei Sofies verden-inspirert framstilling av språkvitskaplege tematikkar. Uri fekk Kulturdepartementets fagbokpris for Den store faktaboka om språk i 1998.

Uri var førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske fag ved Universitetet i Oslo frå 1998 til 2005. I 2008 blei ho vald inn i Det Norske Akademi. Uri er også medlem av styret til Språkrådet.

Verkliste (ufullstendig)[endre | endre wikiteksten]

  • 1995 Anna på fredag (ungdomsroman)
  • 1998 Den store faktaboka om språk (fagbok for barn)
  • 2001 Dyp rød 315 (roman)
  • 2002 Honningtunger (roman)
  • 2003 Engel av nylon (roman)
  • 2003 Dråpen som fikk alt til å skje (barnebok)
  • 2004 Hva er språk?
  • 2005 Sommeren vi kledde oss nakne (ungdomsroman med Arne Svingen)
  • 2005 (Nesten) alt du trenger å vite om språk (redaktør)
  • 2005 Quizleis (med Per Egil Hegge og Sylfest Lomheim)
  • 2006 Perler for svin (bildebok illustrert av Ragnar Aalbu)
  • 2006 De beste blant oss (roman)
  • 2009 Den rettferdige (roman)
  • 2011 Kjerringer (roman)
  • 2013 "Rydde ut" (roman)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]