Helgåga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helgåga er ei elv i Rana kommune som munnar ut i fjordarmen Nordsjona inst i fjorden Sjona. Namnet har uvisst opphav, men mange tolkar det som ei avleiing frå heilag.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vassdraget har fleire store innsjøar. Dei største, Helgåvatnet og Gråvatnet er begge typiske fjordsjøar. Høgtuvbreen i nordaust tilfører sediment til vassdraget. Dette har ført til biologisk og geologisk interessante fenomen som ein dalsandur i dalen oppfor Øvre Helgåvatn og eit delta ved utløpet i Helgåvatnet av elva frå Øvre Helgåvatn.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Vassdraget er verna i Verneplan IV for vassdrag. [1] Ved vernet vart det lagt vekt på vassdraget sin type- og referansevassdrag og på dei store kulturfaglege verdiane, kulturminna og friluftsliv. I området til vassdraget er òg Kvannlia-Sølvjodalen Naturreservat verna. Nedbørfeltet, på 98 km², er svært lite påverka av menneskeleg verksemd med berre spreidd busetnad i nedre del, samt om lag 10 fritidshytter ved Litlevatnet, Gråvatnet, Helgåvatnet og Øvre Helgåvatn. I tillegg har Helgelandskraft ei hytte til bruk som base ved arbeid med kraftlinja som går gjennom dalen ved Stortjønna lengst nord i vassdraget, heilt ved vasskiljet og grensa mot Gjervalvassdraget i Rødøy kommune.

Busetnad og næring[endre | endre wikiteksten]

Der elva renn ut i sjøen ligg tre småbruk, øvre og nedre Helgå og Langstrand. På Langstrand vart vatn frå elva på 1920-talet brukt i hermetikkproduksjon.

1980-talet var det planar for etablering av eit landbasert fiskeoppdrettsanlegg ved elva, men desse vart skrinlagt etter krakket i oppdrettsnæringa.

Utbyggingsplanar[endre | endre wikiteksten]

I 2007 sendte Helgeland Småkraft AS ein søknad til NVE om konsesjon til å bygge eit vasskraftverk på 1 MW i Helgåga, med ein årleg produksjon av 5,7 GWh. [2] Konsesjonssøknaden har møtt motbør på grunn av vassdraget sin verdi som referansevassdrag, men politisk behandling gav eit positivt vedtak frå Miljø-, plan og ressursutvalet (MPR) i Rana kommune den 15. august 2007. [3] Søknaden skal no handsamast av Nordland fylke før NVE fatter endeleg vedtak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. St.prp. nr. 118 (1991-92): Verneplan IV for vassdrag
  2. Søknad om utbygging av kraftverk (Sakstype C-41), Registreringsnr 4955, Saksnr 200702621, Vassdragnr 157.4Z HELGÅGA
  3. Rana Blad: Vil bygge ut vernet vassdrag, 4. september 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]