Helgøya i Mjøsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Helgøya i Ringsaker)
Helgøya ligg midt i Mjøsa.
Helgøya

Helgøya i Mjøsa ligg i Ringsaker kommune. Med eit areal på 18,34 km² er ho den største innlandsøya i Noreg. Helgøya har sidan 1950-talet hatt brusamband til fastlandet. Ho har i dag omkring 600 innbyggjarar. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk med korn- og potetdyrking.

Enkelte leksika opererer med same areal for Helgøya og Røssvassholmen. Nye målingar frå Kartverket viser at Helgøya er klart størst. Utrekningar basert på oppdaterte kartdata viser at Helgøya er 18,34 km² og Røssvassholmen 17,39 km². Desse er basert på høgaste regulerte vasstand for hhv. Mjøsa og Røssvatnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]