Helga Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helga Pedersen som nybakt fiskeri- og kystminister.
Foto: Chris Nyborg

Helga Pedersen (fødd 13. januar 1973) frå Vestertana i Tana kommune i Finnmark fylke er ein norsk politikar. Ho er medlem av Arbeidarpartiet, og blei utnemnd til statsråd i Fiskeri- og kystdepartementet i regjeringa Stoltenberg II den 17. oktober 2005. Pedersen blei valt til nestleiar i Arbeiderpartiet i 2007. Ho var fylkesordførar i Finnmark frå 2003 til oktober 2005.

Ho var frå 2001 student på hovudfag i historie. Frå januar 2001 arbeidde ho i halv stilling for UNEP/GRID-Arendal. Ho er utdanna Cand.mag med mellomfag historie 1998, grunnfag russo-sovjetiske studiar 1996, mellomfag russisk i 1995. Pedersen var førstekonsulent i Finnmark fylkeskommune i 1999-2000, var knytt til Samisk nærings- og utredningssenter i 1998, ungdomssekretær ved AUF i Finnmark i 1997 og lærar/assistent på Boftsa skole 1992-1997.

Helga Pedersen har vore fast representant på Finnmark fylkesting frå februar 2000, medlem av Arbeidarpartiets samepolitiske råd frå 1998 og medlem i Finnmark Arbeiderpartis kvinnepolitiske styre frå 1998. Ho var òg politisk rådgjevar i Nærings- og handelsdepartementet frå 17. april til 19. oktober 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]