Helge Haugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helge Haugen på Viking stadion 5. oktober 2008
Foto: Jarle Vines

Helge Haugen, (fødd 15. februar 1982) i Bergen, er ein norsk fotballspelar. Han har sidan 2002 spelt for Brann i den norske eliteserien.

Haugen kom til Brann frå Åsane i oktober 2001 for 100 000 kroner. Han spelte for det meste på reservelaget til Brann i den første sesong sin i klubben, og det var ofte på ein uvant midtstopparplass. Han hadde berre sporadiske innhopp i eliteserien. Han blei difor fristilt av klubben framfor 2003-sesongen, men for å avventa ei eventuell juridisk behandling av korleis saka skulle løysast, heldt Haugen fram å trena med Brann.

I mellomtida skifta Brann trenar frå Teitur Thordarson til Mons Ivar Mjelde, som valde å gjera om på avgjersla om å sleppa Haugen. Etter ein dårleg sesongstart for Brann måtte Mjelde gjera fleire grep for at klubben skulle klatra opp frå botnsjiktet. Raymond Kvisvik blei henta frå Austria Wien, Cato Guntveit og Robbie Winters blei kvitt sine skadeproblem, samstundes som han valde å para den kreative Seyi Olofinjana med den løpssterke Haugen sentralt på midtbanen. Det førte til at Brann gjorde ein svært sterk haustsesong, og klubben hadde små problem med å halda plassen i eliteserien.

I 2004 heldt Haugen fram å spela godt på Brann sin midtbane. Olofinjana blei midtvegs i sesongen erstatta av austerrikske Paul Scharner og skotske Charlie Miller, men Haugen heldt likevel fram å vera førsteval på midtbanen. Han sendte blant anna Brann til semifinalen i cupen. Brann blei same sesong cupmeistrar.

Vinteren 2005 braut Haugen foten. Det øydela heile sesongoppkøyringa. Samstundes hadde klubben henta landslagskaptein Martin Andresen. Difor var innhoppa berre sporadiske i vårsesongen. Det var først i løpet av haustsesongen Haugen klarde å etablera seg på laget, mykje på grunn av Brann sine skadeproblem. I fylgje fotballekspertane klarde han ikkje å nå opp på same nivå som sesongen før.

I 2006-sesongen vart konkurransen om plassane på midtbanen til Brann endå hardare, etter innkjøpa av Eirik Bakke og Ardian Gashi. Haugen spelte likevel over 20 seriekampar då Brann kom på andreplass i eliteserien.

Helge Haugen har kontrakt med Brann ut 2010-sesongen. Han har landskampar på alle aldersbestemte nivå, men berre éin U21-landskamp. Som tenåring var han òg ein av Noregs mest talentfulle orienteringsløparar.

Karriere som spelar[endre | endre wikiteksten]

(Sist oppdatert 29. oktober 2006)

Klubb Kampar Mål Periode
Noreg Brann 114 4 2002-

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Spelarprofil på skbrann.org

Hønefoss – spelarstallen 2013
Målmenn
Noreg 1 Lars Stubhaug
USA 26 Steve Clark
Forsvarsspelarar
Noreg 2 Frode Lafton
Noreg 5 Aleksander Solli
Island sitt flagg 6 Kristján Örn Sigurðsson
Noreg 8 Kevin Larsen
Costa Rica 14 Heiner Mora
Island sitt flagg 22 Arnór Sveinn Aðalsteinsson
Noreg 23 Alexander Groven
Noreg 28 Martin Nygaard
Midtbanespelarar
Noreg 4 Helge Haugen
Flagget til Danmark 7 Mikkel Vendelbo
Noreg 9 Mats André Kaland
Flag of Finland.svg 10 Riku Riski
Flag of Finland.svg 13 Toni Kolehmainen
Noreg 16 Tor Øyvind Hovda
Angrepsspelarar
Senegal 21 Remond Mendy
Noreg 24 Kenneth Di Vita Jensen
Elfenbeinskysten 27 Kevin Bosse Elie Beugré