Helge Holden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Helge Holden (fødd 28. september 1956 i Oslo) er ein norsk matematikkprofessor og har særleg arbeidt med ikkje-lineære partielle differensiallikningar og matematisk fysikk.

Holden vart dr. philos. i 1985 på ei avhandling om kvantemekanikk[1] og vart tilsett på NTH året etter. Han vart utnemnt til professor ved NTNU i 1991. Han har hatt forskningsopphold ved New York University og Caltech. Han har vore leiar for fleire programstyrer i Noregs forskningsråd. Han har vore visepresident i European Mathematical Society og tidlegare president i European Consortium for Mathematics in Industry.

Han i redaksjonsrådet for Journal of Nonlinear Mathematical Physics[2], redaksjonskomitéen til det eldste forskningstidskriftet i Noreg, Det Kongelege Norske Videnskabers Selskabs Skrifter[3], og redaksjonsrådet i International Journal of Differential Equations[4].

Holden er styremedlem i styret i NTNU frå 2009 til 2013 og styreleiar for Abelfondet frå 2010 til 2014[5]. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Helge Holden Point interactions and the short-range expansion: a solvable model in quantum mechanics and its approximation dr.philos-avhandling 1985
  2. Journal of Nonlinear Mathematical Physics: Editorial board
  3. Det Kongelege Norske Videnskabers Selskabs Skriftar
  4. sin/ijde/editors/ International Journal of Differential Equations: Editorial board
  5. abelprisen.no Abelfondet: Aktivitetsprofil