Helge Ingstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Helge Marcus Ingstad (30. desember 189928. mars 2001) var ein norsk jurist, forfattar og arkeolog.

Ingstad var fødd i Meråker i Nord-Trøndelag og voks opp i Bergen. Etter å ha utdanna seg til cand. jur. i 1922, arbeidde han som sakførar i Levanger, før han reiste til Canada for å verta pelsjegar. Der levde han i fire år. Boka Pelsjegerliv vart utgjeven i 1931. Boka selde godt og gjorde at han vart vidgjeten.

Etter å ha kartlagt gamle husgrunnar i Canada, fann Ingstad og kona, arkeologen Anne Stine Ingstad, i 1961 restar av viking- busetnad. Busetnaden fann dei på L'Anse aux MeadowsNewfoundland. Med dette var dei dei fyrste til å prova at islandske vikingar hadde funne ein veg over Atlanterhavet til Nord-Amerika. Ingstad og kona rekna med at dei hadde funne busetnaden i Vinland. Vinland var namnet som vart nytta i norrøn tid på det som seinare fekk namnet Nord-Amerika. Vikingane hadde kome til Amerika 500 år før Christopher Colombus og John Cabot.

Ingstad og kona bygde frå 1946 opp ein heim i Holmenkollen i Oslo, der han døydde 101 år gamal. Dei siste åra han levde, arbeidde han med å systematisera ei stor mengd fotografi og lydopptak. Opptaka gjorde han på slutten av 1940-talet medan han budde saman med ein eskimo-stamme i Alaska. Stamma vart kalla Nunamiut. Arbeidet gjorde at ei bok vart utgjeven, Songs of the Nunamiut. Ein CD med lydopptak fylgde med boka.

Ingstad var æresmedlem av Videnskabsakademiet, æresdoktor ved Universitetet i Oslo, Memorial University, St. Johns, Newfoundland og ved St. Olaf College i Minnesota. Han var i tillegg innehavar av kommandørkorset av St. Olavs orden, riddar av Vasaordenen og hadde Røde Kors sitt heidersteikn for innatsen sin i Finnmark under den andre verdskrigen.

I 1986 vart Ingstad tildelt Norsk kulturråds ærespris.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Pelsjegerliv (1931) Engelsk omsetjing: The Land of Feast and Famine
  • Øst for den store bre (1935)
  • Apache-indianerne. Jakten på den tapte stamme (1939)
  • Klondyke Bill (1941)
  • Siste båt (fremført på teater i 1946)
  • Landet med de kalde kyster (1948)
  • Nunamiut - blant Alaskas innlands-eskimoer (1951)
  • Landet under Leidarstjernen (1959)
  • Vesterveg til Vinland (1965)
  • The Norse Discovery of America (1985)
  • Nunamiut Stories (1987)
  • The Viking Discovery of America (1991)
  • Ingstad, Helge; Groven, Eivind (transcriptions); Tveit, Sigvald (ed.) (1998). Songs of the Nunamiut. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-518-3778-2.