Helge Karlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helge Karlsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1948 (75 år)
Bergen
Idrett fotball

Helge Karlsen (fødd 29. juni 1948) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bergen. Frå 1967 til -79 spela han for Sportsklubben Brann, der han i denne perioden spela 180 serie- og cupkampar. Karlsen spela 35 landskampar for Noreg mellom 1973 og -79 .

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Karlsen var fast sideback på fyrsteellevaren i Brann gjennom 1970-åra. Han var med på å verte noregsmeister for klubben i 1972 og 1976.

Han debuterte på landslaget mot Danmark på bortebane i København 21. juni 1973. Bortsett frå 1974-sesongen var Karlsen fast på høgrebacken til Noreg, til og med 1978-sesongen. I 1979 fekk han ein landskamp, den siste, på norsk heimebane vart det 7. juni tap 0-4 for Skottland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Cupmeister 1972 og 1976 med Brann

Kjelder[endre | endre wikiteksten]