Helge Seip
Helge Lunde Seip (5. mars 1919–29. januar 2004), fødd i Surnadal, var ein norsk sosialøkonom - cand.oecon. frå 1941 og jurist - cand.jur. frå 1942, redaktør og politikar for Venstre.
Helge Seip var i mange år stortingsrepresentant for Oslo, frå 1954 til 1961 og frå 1965 til 1973. Han var parlamentarisk leiar for Venstre si stortingsgruppe 1970–1972.
Frå 12. oktober 1965 til 29. august 1970 var Helge Seip statsråd og sjef for Kommunal- og arbeidsdepartementet (kommunalminister) i Regjeringa Borten.
Helge Seip var leiar for gruppa som braut ut frå Venstre og danna Det Nye Folkepartiet i 1972, som følgje av strid om EU-spørsmålet. Splittinga førte til ei sterk svekking av Venstre, og Det Nye Folkepartiet vart heller ingen suksess.
Helge Seip var den første direktøren for Datatilsynet. Han fekk i 1999 Rosingakademiet sin heiderspris for dette.
Seip fekk også ei rekkje andre utmerkingar.[1] I 1989 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Han var innehavar av Kong Haakon VIIs 100-årsmedalje og blei i 1983 tildelt Jacob Letterstedt-medaljen.
Helge Seip var politisk redaktør/sjefsredaktør i Dagbladet 1954-1965.
Fotnotar [endre]
- ↑ Seip, Helge (1919-2004) Det Nye Folkepartiet, Stortinget.
Kjelder [endre]
| Føregjengar Ingen |
Leiar for Det Nye Folkepartiet 1972–1973 |
Etterfylgjar Magne Lerheim |
| Føregjengar Ingen |
Direktør i Datatilsynet 1980–1989 |
Etterfylgjar Georg Apenes |
| Norske kommunalministrar | |
|---|---|
| Ulrik Olsen (1948-58) · Andreas Cappelen (1958-63) · Oskar Skogly (1963) · Bjarne Lyngstad (1963) · Jens Haugland (1963-65) · Helge Seip (1965-70) · Odvar Nordli (1971-72) · Johan Skipnes (1972-72) · Leif Jørgen Aune (1973-78) · Arne Nilsen (1978-79) · Inger Louise Valle (1979-80) · Harriet Andreassen (1980-81) · Arne Rettedal (1981-86) · Leif Haraldseth (1986-87) · William Engseth (1987-88) · Kjell Borgen (1988-89) · Johan J. Jakobsen (1989-90) · Kjell Borgen (1990-92) · Gunnar Berge (1992-96) · Kjell Opseth (1996-97) · Ragnhild Queseth Haarstad (1997-99) · Odd Roger Enoksen (1999-2000) · Sylvia Brustad (2000-01) · Erna Solberg (2001-05) · Åslaug Haga (2005-07) · Magnhild Meltveit Kleppa (2007-09) · Liv Signe Navarsete (2009-) |
- Fødde i 1919
- Døde i 2004
- Norske kommunalministrar
- Venstrestatsrådar
- Norske statsrådar etter 1945
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar frå Det Nye Folkepartiet
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- DLF-politikarar
- Redaktørar for Dagbladet
- Politikarar frå Oslo
- St. Olavs Orden
- Folk frå Surnadal
- Leiarar for Venstre
- Norske redaktørar