Helgelandsbrua
| Helgelandsbrua | |
Helgelandsbrua sett frå sør |
|
| Transporterer | Fylkesveg 17 |
|---|---|
| Kryssar | Leirfjorden |
| Stad | Mellom Alstahuag og Leirfjord |
| Utforming | Skråstagbru |
| Lengste spenn | 425 |
| Total lengd | 1 065 m |
| Høgd | 138 m |
| Seglingshøgd | 45 |
| Bompengar | Nedbetalt 27. mai 2005 |
| Opna | Juli 1991 |
Helgelandsbrua er ei 1065 meter lang skråstagbru som knyter saman kommunane Alstahaug og Leirfjord i Nordland. Brua kryssar Leirfjorden mellom fastlandet og øya Alsten og er ein del av Fylkesveg 17.
Helgelandsbrua vart opna i juli 1991 og var bomveg til ho var nedbetalt 27. mai 2005[1].
[endre] Konstruksjonen
Brua har i alt 12 spenn; hovudspennet er på 425m. Seglingshøgda er 45m.
Brua er ei rein betongbru. Alle pilarane er bygde med klatreforskaling.
Brubanen er slank i horisontalplanet, berre 40cm i tjukna på midten og 1,2m i ytterkantene. For kvart kabelfeste går det i tillegg bjelkar på tvers under brubanen.
Kablane er festa til ytterkanten av brubanen. Forankringane til kablane ligg i eit prefabrikert element som igjen er støypt inn i betongen på undersida av overbygningen.
Hovudtårna er 138m og 127m høge frå havoverflata og til toppen. I tillegg er det nordlegaste tårnet fundamentert ned til ei djupn på 30m under havoverflata.
Tårna er 6m brei sett frå sida av brua og 2,2m på det smalaste, sett på tvers av brua.
Brua fekk 1994 utmerkinga «FIP - outstanding structures».