Helgeroa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helgeroa
Geografi
Kommune Larvik
Fylke Vestfold
Annan informasjon
Ferdselsårer 301 302
Postnummer 3295 HELGEROA
Preposisjon i Helgeroa
Kart
Helgeroa is located in Vestfold
58°59′30″N 9°51′26″EKoordinatar: 58°59′30″N 9°51′26″E

Helgeroa er ei bygd sørvest i Larvik kommune i Vestfold, på austsida av Langesundsfjorden. SSB reknar i sin statistikk Helgeroa og Nevlunghamn som ein samanhengande tettstad. Tettstaden Helgeroa/Nevlunghamn har 1 754 innbyggjarar (2012) [1].

Om sommaren er Helgeroa ein populær feriestad med mellom anna Blokkebukta badestrand og tre campingplassar. Tidlegare var det losstasjon her. I Helgeroa har Sjøkartverket ein målestasjon for vasstand med opplysninger frå attende til 1965.

Det går ferje som tek passasjerar og syklar frå Helgeroa via Arøya til Langesund på vestsida av fjorden.

Helgeroa hamn ligg i le for Skagerrak på nordsida av rullesteinstangen Mølen. Frå Mølen går det store raet med Ravegen gjennom Vestfold. På grunn av vanskeleg terreng, mellom anna i Langangen, var det lenge overgang frå landevegs- til sjøvegstransport i Helgeroa. Frå Helgeroa vart reisande ført med båt anten innover Langesundsfjorden og Frierfjorden eller vestover til byane på Agder.

Før Brevikbrua vart opna i 1961 var ferjestrekninga Langesund-Helgeroa eit viktig samband for landevegstrafikk mellom Austlandet og Sørlandet.

Anjushuset ligg i Helgeroa.

Andre nettstader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]