Helgheim kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helgheim kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Helgheim
Fellesråd Jølster
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Material Tre
Innvigd 28. november 1877
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 500[1]
Kart
Helgheim kyrkje
61°33′39″N 6°24′00″E / 61.5607°N 6.4001°E / 61.5607; 6.4001
Wikimedia Commons: Helgheim kyrkje

Helgheim kyrkje er ei langkyrkje i nygotisk stil frå 1877 i Sunnfjord kommune i Vestland.

Helgheim kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Helgheim kyrkje
Helgheim kyrkje fotografert ca. 1890.

Kyrkja ligg i bygda Helgheim, ved den nordre breidda av Jølstravatnet. Europaveg 39/Riksveg 5 går like oppom kyrkja. Bygget er i tre og har 500 sitjeplassar og galleri.

Kyrkja er soknekyrkje i Helgheim sokn i Sunnfjord prosti.

Det er nemnd kyrkje på Helgheim i eit visitatvarsel frå 1322, og ein meiner det har vore kyrkje der frå attende på 1200-talet. Ei gamal altertavle som er datert 1667, og ein preikestol frå 1666 som er frå Helgheim-kyrkja vart i 1904 overført til Bergen Museum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Helgheim kyrkje», s. 339

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]