Helhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helhalvøya sett frå satellitten Landsat i 2000.
Kiting ved Helhalvøya

Helhalvøya (polsk Mierzeja Helska; kasjubisk Hélskô Sztremlëzna; tysk Halbinsel Hela eller Putziger Nehrung) er ein 35 km lang sandbanke nord i Polen som strekkjer seg ut mellom Puckabukta på innsida og Austersjøen på utsida. Ho ligg i Puck fylke i Pommerske voivodskap.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Breidda på halvøya varierer frå om lag 300 meter nær Jurata, til 100 meter på dei smalaste delane og over 3 km ved enden. Sidan halvøya berre består av sand, vert ho stundom omgjort til ei øy under vinterstormar. Fram til 1600-talet var halvøya ei rekkje øyar som berre danna ei stripe med land om sommaren.

Det går ein veg og ein jernbane lands halvøya frå fastlandet til byen lengst ute, Hel, ein populær turistdestinasjon. Andre byar, hamner og turistbyar langs halvøya er Jurata, Jastarnia, Kuźnica, Chałupy og Władysławowo.

Militært[endre | endre wikiteksten]

Etter at halvøya vart ein del av Den andre polske republikken etter den første verdskrigen vart ho militært viktig og vart omgjort til ein festningsregion med ein garnison på om lag 3000 mann. Under slaget ved Hel i 1939 nytta dei polske styrkane dynamitt og sprengd halvøya slik at ho vart ei øy.

I år under tysk okkupasjon (1939-1945) vart Hel utnytta vidare og det vart bygd eit batteri for tre 406 mm store kanonar, men desse vart aldri montert. Halvøya var kontrollert av tyskarane til slutten av den andre verdskrigen, og forsvarsstyrkane deira overgav seg 10. mai 1945.

Etter krigen vart Hel verande ein militært viktig plass og mykje av området vart nytta til militære føremål. Det vart sett opp fleire kanonar i 1940- og 1950-åra. I dag er mange av festningsverka og batteria opne for turistar, men enkelte område høyrer framleis til den polske hæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°38′30″N 18°46′53″E