Helikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Helikon (fleirtyding).
Fransk militærkorps
Helikon

Helikon (frå gr. helix, «spiral»/«bukting») er eit messingblåseinstrument, ein variant av tubaen, som ofte vert nytta av musikkorps ved marsjering.

Instrumentet vart fyrst teke i bruk i Russland og Austerrike kring 1850. Sousafonen har i stor grad teke over for helikonen, men instrumentet er framleis populært i Sentral- og Aust-Europa. Helikonen skil seg frå tubaen ved at røyret går i ein kveil kring tubaisten, og kviler på aksla hans. Den har også ei trongare boring og mindre sjallstykke. Til liks med tubaen har helikon konisk røyr, og kan variere mellom rotorventil og stempelventil.

Helikon er, som sine etterkomarar sousafonen og tubaen, i utgangspunktet eit bassinstrument. Men det tyske merket Melton har teke utgangspunkt i Červený Imperial BB-flat Contrabass Helicon, og utifrå dei akustiske måla på dette, konstruert ei rekkje ulike helikon-storleikar:

  • Sopran i Eb
  • Alt i Bb
  • Tenor i Eb
  • Baryton i Bb
  • Bass i F
  • Kontrabass i Bb