Helikon i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helikon er ein type elektromagnetiske bølgjer eller kvant i eit plasma som er plassert i eit konstant magnetisk felt. Dei er karakterisert ved at den elektriske feltvektoren skildrar ein spiral om magnetfeltet. Helikon blir oftast brukt om slike bølgjer i metall og halvleiarar der dei frie ladningsberarane utgjer eit plasma med høg densitet. Tilsvarande bølgjer i ionosfæren vert kalla whistlers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

helikon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/helikon