Helikopterulukka på Heerodden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helikopterulukka på Heerodden
Dato 30. mars 2008
Ulukkesstad Heerodden utanfor BarentsburgSvalbard i Noreg
Passasjerar 7
Mannskap 2
Skadde 2
Omkomne 3
Overlevande 6
Tok av frå Pyramiden
Siste mellomlanding Longyearbyen
Destinasjon Heerodden

Helikopterulukka på Heerodden fann stad 30. mars 2008, då eit russisk helikopter av typen Mi-8 havarerte under landing på den russiske helikopterbasen på Heerodden utanfor BarentsburgSvalbard. Det var ni passasjerar ombord, alle russiske og ukrainske statsborgarar heimehøyrande i Barentsburg. Tre personar omkom og to personar vart alvorleg skadde. Dei omkomne var kapteinen, styrmannen og éin av passasjerane tilsett hos Trust Arktikugol. Dei tre omkomne vart frakta til Longyearbyen om kvelden og sende til rettsmedisinsk undersøking i Tromsø. Dei alvorlege skadde, begge russiske statsborgarar, vart frakta til sjukehuset i Longyearbyen. Natt til 31. mars vart dei to skadde frakta med ambulansefly til den ortopediske avdelinga ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg for behandling av brotskader.

På ulukkestidspunktet var det tett snødrev og under ti meter sikt. Ifylgje presseattaché Kolesnikov ved den russiske ambassaden i Oslo var årsaka til ulukka at helikopteret vart teke av eit stormkast under landing og kasta inn i hangarveggen. Det var fleire spor i hangarbygningane etter rotoren.

Det havarerte helikopteret var det einaste russiske helikopteret som var i aktivitet på Svalbard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]