Heliktitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjeldne fiskehaleaktige heliktittar i Caverns of Sonora nær Sonora i Texas.
Ein heliktitt i Treak Cliff Cavern i Derbyshire.

Heliktitt er markliknande, forvridde dryppsteinar eller speleothemer som ein finn i kalksteinsgrotter. Karakteristisk for speleothemen er at dei har endra aksen frå ein vertikal akse medan dei har vokse. Dei har form som ein boge eller ein vinkel, slik at det ser ut som dei voks i vektlaus tilstand. Dei har mest truleg oppstått på grunn av kapillaritet på små vassdråpar, ei kraft som på denne skalaen er sterk nok til å motstå tyngdekrafta.

Heliktittar er kanskje dei mest skjøre grotteformasjonane. Dei består vanlegvis av nåleforma kalsitt og argnoitt. Dei kan lett øydeleggast, sjølv om ein tar lett på dei, og er derfor sjeldan å sjå innanfor armlengd i turistgrotter.

Timpanogos Cave National Monument i Utah har ei av dei største kjende samlingane av desse formasjonane i verda. Dei finst òg i store mengder i Jenolan Caves i Australia og i Pozalaguagrotta i Karrantza i Spania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]