Helium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2 HydrogenHeliumLitium


He

Ne
Helium i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Helium, He, 2
Kjemisk serie Edelgass
Gruppe, periode, blokk 18, 1, p
Tettleik, hardleik 0,1785 kg/m3, n.a. (ikkje SI)
Utsjånad Fargelaus
Helium
Atomeigenskapar
Atommasse 4,002602 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) (?) pm
Kovalent radius 93 pm
Ioneradius (?) pm (ladning: n.a.)
van der Waals radius 140 pm
Elektronkonfigurasjon 1s2
Elektron per energinivå 2
Oksidasjonstrinn (oksid) 0 (n.a.)
Krystallstruktur Heksagonal
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Gass
Smeltepunkt ved 2,6 MPa: 0,95 K (−272,2°C)
Kokepunkt 4,22 K (−268,93°C)
Molart volum 22400 cm3/mol
Fordampingsvarme 0,0845 kJ/mol
Smeltevarme 0,021 kJ/mol
Damptrykk (?) Pa ved −272 °C
Ljodfart (?) m/s ved 20 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 2,0 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 5,193 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet (?) MS/m
Termisk konduktivitet 0,152 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 2379 kJ/mol
5257 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
3He 0,000137% (stabil)
4He 99,999863% (stabil)
6He (kunstig) 0,8067 s β 3,508 6Li
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Helium er eit grunnstoff med atomnummer 2, og kjemisk symbol He. Det er ein edelgass, og vil som dei andre edelgassane i svært liten grad danne samband med andre atom, og er ein luktlaus og smaklaus og ikkje giftig gass. Helium er det nest vanlegaste grunnstoffet i universet etter hydrogen, om lag 25% av alt stoff i universet er helium, men er uvanleg på jorda. Her finst helium først og fremst i nokre naturgassreservoar og i små mengder i atmosfæren.

Helium er den nest lettaste gassen ein kjenner til etter hydrogen. Helium vart først oppdaga fordi ein oppdaga at sola hadde spektrallinjer frå eit grunnstoff som var ukjent på jorda. Først seinare fann ein helium på jorda. Namnet er derfor utleia frå det greske ordet for sol, helios.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende bruken av helium er i ballongar. Sidan helium er lettare enn luft, kan ein gjere ballongen lettare enn luft, slik at han stig opp.

Eit av viktigaste bruksområda for helium er som kjølemiddel. Flytande helium kokar ved berre -268,93 °C, om lag 5 gradar over det absolutte nullpunktet. Sidan suparleiarar må kjølast ned til svært låge temperaturar for å ikkje miste eigenskapane som superleiar, er flytande helium eit passande kjølemiddel. Dette vert særleg brukt i superleiande magnetar i MR-diagnostikk og NMR-analyse i kjemien. Partikkelakseleratorar, som til dømes dei i CERN, brukar store mengder helium for å kjøle superleiande magnetar.

Helium i gassform vert og brukt til kjøling av maskinar, blant anna generatorar i kraftverk og i gasskjølte kjernereaktorar.

Eit anna område helium vert brukt er i dykking. Sidan nitrogenet i lufta vert giftig ved høgt trykk, vert nitrogen erstatta med helium i gassblandingar for djupe dykk.

Helium blir i ei viss utstrekning brukt i sveising, sidan helium ikkje er reaktiv, men er blir erstatta av argon eller CO2 alle stader det er praktisk, sidan desse gassane er mykje billigare.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Helium er ein svært svært lite reaktiv edelgass. Det er ikkje kjent nokon stabile kjemiske sambindingar med helium. Helium er ein gass som er samansett av enkeltatom. Det er det grunnstoffet med lågast kokepunkt, -268,93 °C. Helium er og svært lett, 0.1786 g/L, berre ca ein sjudel av luft, som gjer han egna som oppdriftsgass i ballongar.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

I universet er helium det nest vanlegaste grunnstoffet, etter hydrogen, og er eit av dei stoffa ein reknar med at vart danna under "the Big Bang". På jorda er helium langt mindre vanleg. Helium i atmosfæren vil stige opp og forsvinne ut i verdsrommet. Det som finst av helium på jorda er eit resultat av alfanedbryting av tunge radioaktive grunnstoff i jordskorpa. Noko av denne gassen samlar seg saman med naturgass i olje og gassreservoar, og dette er kjelda for all kommersiell utvinning av helium.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]