Hellas i Eurovision Song Contest
|
|||||
|---|---|---|---|---|---|
(1974–1978) |
|||||
(1979–i dag) |
|||||
| Kringkastar | ERT | ||||
| Uttakingar | |||||
| Deltaking | |||||
| Debutår | 1974 | ||||
| Deltakingar | 32 | ||||
| Beste resultat | |||||
| Verste resultat | |||||
| Poeng | |||||
Hellas debuterte i Eurovision Song Contest i 1974. Landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 1975, 1982, 1984, 1986, 1999 og 2000. I 2005 vann Élena Paparízou med songen «My Number One».
Hellas fekk nytt flagg etter tevlinga i 1978 og har sidan 1979 nytta det nye flagget.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Etter debuten i 1974 ynskja ikke Hellas å delteke i 1975 av ukjende grunnar i henhald til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), men det vart oppdaga at dei trekte seg fordi dei var i protest mot debuten til Tyrkia og invasjonen av Kypros i 1974. Hellas vart diskvalifisert frå tevlinga i 1982 då det vart avslørt at songen dei skulle delteke med, «Sarantapénte Kopeliés», hadde vorte utgjeven tidlegare. Ein kjend gresk folkesong hadde vorte endra på til tevlinga, men fekk ikkje delteke fordi alle songene måtte vere originale. Hellas vart tvungen til å betale ein bot, men fekk lov å kome attende året etter. Om dei hadde delteke hadde dei starta som nummer to i finalen i Harrogate. Etter attendevendinga i 1983 bestemte Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) seg for å ikkje delteke i 1984 på grunn av lav kvalitet på songane.
Hallas kom attende til tevlinga i 1985 og Polína vart valt til å representere landet i 1986 i Bergen, men trekte seg heilt uventa ut av tevlinga. Polína sa at det var på grunn av politiske problem i Hellas, men ho bemerka seg at den offisielle Eurovision Song Contest-nettstaden hadde oppgjeve at det var fordi tevlinga vart halden kvelden før den ortodokse påsken. Ho skulle delteke med songen «Wagon-lit».
Hellas kom attende i 1987 og deltok kvart år fram til 1999, då dei ikkje fekk delteke fordi dei ikkje hadde fått nok poeng dei fem siste åra til å kunne kvalifisere seg til å vere med i tevlinga. Året etter kunngjorde ERT at dei ikkje kom attende til Eurovision Song Contest 2000 grunna økonomiske grunnar.
31 år etter sin debut, vann Hellas for fyrste gong i 2005 med Élena Paparízou og songen «My Number One». Songen er den fyrste etter 2000 som vann tevlinga utan å gå gjennom ein semifinale. Etter Eurovision Song Contest toppa songen listane i Hellas, Kypros og Sverige, og kom inn på topp ti i Romania, Nederland, Ungarn, Belgia og USA. Under 50 årsjubileet til Eurovision Song Contest i 2005, der ein skulle røyste fram den mest populære framføringa gjennom tidane, enda songen på fjerdeplass.
Før sigaren til Hellas var den høgaste plasseringa tredjeplass, frå 2001 og 2004. Det verste resuletet var i 1998, då dei enda på 20. plass med tolv poeng, alle frå Kypros.
Eurovision Song Contest 2006 vart halden i Aten i Hellas. Programleiarene var María Menoúnou og Sákis Rouvás. Ánna Víssi representerte Hellas i heimlandet.
Frå 2004 til 2006 valte ERT ut høgprofilerte artistar internt og arrangerte ein nasjonal finale der ein skulle røyste fram songen artisten skulle synge i Eurovision Song Contest, medan i 2007 og 2008 arrangerte ERT ein nasjonal finale der ein røysta fram både artist og song.
Bidraga [endre]
Røystgjeving [endre]
- Hellas har gjeve flest poeng til
| Nr. | Land | Poeng |
|---|---|---|
| 1 | 201 | |
| 2 | 137 | |
| 3 | 126 | |
| 4 | 99 | |
| 5 | 84 |
- Hellas har fått flest poeng frå
| Nr. | Land | Poeng |
|---|---|---|
| 1 | 268 | |
| 2 | 125 | |
| 3 | 110 | |
| 4 | 97 | |
| 5 | 94 |
Vertskap [endre]
| År | Stad | Arena | Programleiar |
|---|---|---|---|
| 2006 | Aten | Olymbiakό Kleistό Gymnastírio | María Menoúnou og Sákis Rouvás |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Greece in the Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2011.
|
|
|||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Dei fem store · Forholdet mellom Armenia og Aserbajdsjan | |||||||
| Albania · Andorra · Armenia · Aserbajdsjan · Austerrike · Belgia · Bosnia-Hercegovina · Bulgaria · Danmark · Estland · Finland · Frankrike · Georgia · Hellas · Irland · Island · Israel · Italia · Kroatia · Kviterussland · Kypros · Latvia · Litauen · Luxembourg · Makedonia · Malta · Marokko · Moldova · Monaco · Montenegro · Nederland · Noreg · Polen · Portugal · Romania · Russland · San Marino · Serbia · Slovakia · Slovenia · Spania · Tsjekkia · Storbritannia · Sveits · Sverige · Tyrkia · Tyskland · Ukraina · Ungarn | |||||||
| Tidlegare | Jugoslavia · Serbia og Montenegro · Vest-Tyskland | ||||||
| Andre |
|
||||||
|
|
|
|---|---|
| Sveits (1956) · Nederland (1957) · Frankrike (1958) · Nederland (1959) · Frankrike (1960) · Luxembourg (1961) · Frankrike (1962) · Danmark (1963) · Italia (1964) · Luxembourg (1965) · Austerrike (1966) · Storbrritannia (1967) · Spania (1968) · Spania (1969) · Frankrike (1969) · Nederland (1969) · Storbritannia (1969) · Irland (1970) · Monaco (1971) · Luxembourg (1972) · Luxembourg (1973) · Sverige (1974) · Nederland (1975) · Storbritannia (1976) · Frankrike (1977) · Israel (1978) · Israel (1979) · Irland (1980) · Storbritannia (1981) · Vest-Tyskland (1982) · Luxembourg (1983) · Sverige (1984) · Noreg (1985) · Belgia (1986) · Irland (1987) · Sveits (1988) · Jugoslavia (1989) · Italia (1990) · Sverige (1991) · Irland (1992) · Irland (1993) · Irland (1994) · Noreg (1995) · Irland (1996) · Irland (1997) · Israel (1998) · Sverige (1999) · Danmark (2000) · Estland (2001) · Latvia (2002) · Tyrkia (2003) · Ukraina (2004) · Hellas (2005) · Finland (2006) · Serbia (2007) · Russland (2008) · Noreg (2009) · Tyskland (2010) · Aserbajdsjan (2011) · Sverige (2012) · Danmark (2013) |