Helle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Freske i Pompeii som viser Helle i sjøen medan broren Frixos flyg vidare på vêren som redda dei.

Hella og Helle er skandinaviske personnamn, stadnamn og slektsnamn. Namnet er særleg brukt som kvinnenamn i Danmark, men er også eit mindre vanleg mannsnamn. Helle har norsk namnedag den 20. november.

Førenamna er avleidd av Helga og Helge, som kjem frå norrønt heilagr, 'heilag'. Helle er også namnet på ei jente i gresk mytologi som havet Hellespont er kalla opp etter.

Helle er utbreidd som stadnamn og slektsnamn i Noreg, då ofte med tydinga 'flatt fjell'. Det blir også skrive Hille og finst i fleire samansetjingar, som Helland, Hellem og Helleberg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Helle har vore mykje brukt som kvinnenamn i Danmark, men bruken har gått ned mot slutten av 1900-talet. I Noreg voks det i popularitet frå rundt 1930, med ein topp i første halvdel av 1960-åra, då rundt 0,25 % av jenter fekk namnet. Ved byrjinga av 2000-åra var det også ein auke i bruken, og opp mot 0,20 % av nyfødde blei kalla Helle.

I 2008 var det 35 018 danske kvinner som heitte Helle og 303 som heitte Hella. I Noreg var det 2 260 som heitte Helle og 52 som heitte Hella same året.

Etternamnet Helle var brukt som slektsnamn av 2 088 nordmenn og 165 danskar i 2008.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Den danske politikaren Helle Thorning-Schmidt.

Stader som heiter Helle[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]