Hellmofjorden

Koordinatar: 67°54′00″N 16°13′37″E / 67.900°N 16.227°E / 67.900; 16.227
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hellemofjorden)

67°54′00″N 16°13′37″E / 67.900°N 16.227°E / 67.900; 16.227

Hellemofjorden nordover frå Musken
Foto: Helge Høifødt
Hellmobotn
Foto: Helge Høifødt

Hellmofjorden (lulesamisk Oarjjevuodna) er ein fjordarm av Tysfjorden i Hamarøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 29 km søraustover til Hellemobotn.

Fjorden har innløp mellom grenda Helland i vest og Hestneset i aust. Det er ikkje vegsamband innover i fjorden, men spreidde gardar ligg på begge sider. Eit godt stykke sørover ligg grenda Musken og her svingar fjorden austover, før han svingar søraustover.

Fjorden er omkransa av høge fjell, men særleg den inste delen er bratt og høg. Her finn ein Gállotjåhkkå på 708 moh og Vuodnabattjåhkkå på 942 moh.

Namneformene «Hellemofjorden», «Oarjevuotna» og «Oarjievuodna» har alle vore brukt på kart eller vurdert brukt på kart, men vart avslått då formene Hellmofjorden og Oarjjevuodna vart vedtekne 8.8.1995.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]