Heller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein heller ved Harbakk i Åfjord.

Heller er nemninga på eit naturleg innhola parti i ein bergvegg, slik at berget dannar eit overheng som folk og fe kan søkje livd under mot regn og snø. Hellerar er kjenneteikna av å vere grunne og med stor opning, slik at dagsljoset normalt går heilt inn til botnveggen, og skil seg på den måten frå dei naturformasjonane som vert kalla holer og grotter.

Ein heller i Plateau du Thaurac i Hérault i Frankrike.
Vistehola i Randaberg kommune er meir å rekne som ein heller enn ei hole; her er det er funne spor og restar etter steinalderbusetnad
Foto: Jarle Vines

Hellerar kan ha oppstått som fylgje av såkalla karstprosessar, det vil seie som resultat av at naturlege kjemiske prosessar har løyst opp berget. Men det mest vanlege er at bårer frå havet har grove ut helleren i ei tid då havet stod høgare, eller at grunnvatn har trengt gjennom svake soner i berget og frose til is som har sprengt ut stein. Hellerar kan òg ha danna seg under store, nedraste steinblokkar, eller under steinblokkar som isen har flytta under siste istida.

Både i førhistorisk og historisk tid har hellerar vore mykje nytta som faste eller mellombels buplassar eller læger i samband med fangst og fiske, og innhaldet i dei sedimenta som i lange tider har hopa seg opp i mange av hellerane etter langt tids bruk, har gjeve viktig arkeologisk materiale for å kartleggje korleis livet har arta seg i både steinalderen, bronsealderen og seinare tider.