Helleristing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helleristing ved Møllerstufossen i Nordre Land, Oppland.
Helleristingar med skålgroper og figurar, Norrköping, Sverige.
Stein med skålgroper, Sverige

Helleristingar eller helleristningar er ei nemning på bilete som er hogd eller slipt inn i stein og fjell.

Arkeologiske helleristingar stammar frå førhistorisk tid, typisk frå tida frå 10 000 fvt til 1000 fvt, men dei kan òg vere mykje yngre. Tidfesting av helleristningar vil ofte vere vanskeleg og omdiskutert. Stader med helleristingar kan dessutan ha vore halde i hevd og nytta i kultisk eller rituell samanhang i lange tider etter at ristingane vart gjort.

Helleristingar er ein type bergkunst. Dei har gjerne motiv som på ymse vis er knytt til fangst, jakt og/eller jordbruk. Motiva kan vere dyrefigurar, ofte hjortedyr, menneskefigurar, stiliserte framstillingar av bronsealder- eller tidleg jarnalderbåtar av typar som det danske myrfunnet av båten frå Hjortspring gjev eit døme på, våpen og anna utstyr, men òg skosoleliknande figurar og ymse geometriske mønstre, og har truleg hatt med kult eller anna rituell praksis å gjere. Ofte vert motiva tolka som uttrykk for magi; mange meiner soleis at ristingar med dyreframstillingar har vore nytta i magiske ritual som skulle tryggje jaktlukka.

Skålgroper (små, gryteforma fordjupningar hogd inn i stein og berg i gamal tid), vert likeeins rekna som helleristingar, og sett i samanhang med offerritual av ulike slag.

Helleristingar finst over heile verda. I Noreg er helleristingar funne over heile landet. Helleristingsområdet i Alta er teke med på UNESCO si verdsarvliste for kulturarv.

Døme på helleristingar kring i verda[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Mandt, Gro & Trond Lødøen. 2005. Bergkunst : Helleristningar i Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 978-82-521-6227-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Helleristing
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.