Hellisøy fyrstasjon

Koordinatar: 60°45.1295′N 4°42.6242′E / 60.7521583°N 4.7104033°E / 60.7521583; 4.7104033
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hellisøy fyrstasjon

FylkeVestland
KommuneFedje
FunksjonKystfyr
Oppretta1855
Koordinatar60°45.1295′N 4°42.6242′E / 60.7521583°N 4.7104033°E / 60.7521583; 4.7104033
Fyrtårn
Høgd32,3
FormRaudt med to kvite belte
ByggjematerialeStøypejarn og teglstein
Fyrlys
LyskarakterKvitt med ein blink kvart 30. sekund
Lysstyrke960 000 cd
Lyshøgd46,5 moh.
Lysvidde18,8 nm
Status
EigarKystverket
Automatisert1992
VernestatusFreda 2000 etter Kulturminnelova
Kart
Hellisøy fyrstasjon
60°45′08″N 4°42′39″E / 60.752139°N 4.710722°E / 60.752139; 4.710722

Hellisøy fyrstasjon ligg på den vesle øya Hellesøyna på sørvestsida av Fedje i Vestland. Fyret blei tent første gong 15. oktober 1855 og var det andre støypejarnstårnet i Noreg. Det er eit 32,3 meter høgt raudmåla tårn med to kvite belte. Fyret er bygt med 1-toms jernlater og fora med 35 000 murstein,[1] dei to nedste etasjane er på det næraste fylt med gråstein. Fyret er støypt i akkurat dei same formene som Eigerøy fyr, det første støypejarnstårnet i landet.[2] Den nedste delen var levert av Bærums Verk og den øvre delen frå Horten Mekaniske Verksted.[1]

Hellisøy fyrstasjon is located in Hordaland
Plasseringa til Hellisøy fyrstasjon

Fyret blei automatisert i 1992 og fyrstasjonen freda i 2000. I dag vert det drive utleige av fyrvaktarbustaden.

Sjølve øya Hellisøy ligg sør for Rongesundet lengst nord i Øygarden.

Lyset[endre | endre wikiteksten]

Fyret hadde lenge ei 2. ordens Frensel roterande linse.[3] Lyskarakteren var først eit fast lys med blink som varte 12 sekund. Seinaret vart blinken 5 sekund. Den første tida vart det nytta oljebrennar. Seinare vart fyret elektrifisert med eige aggregat. I dag er lampa er eit 3. ordens apparat, med ein styrke på 960 000 candela. Lyset er 46,5 meter over havet og har ei rekkevidd på 18,8 nautiske mil. Det lyser fast kvitt med ein blink kvart 30. sekund.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Original teikning frå 1852

Fyrkommisjonen av 1828 gjorde opphavleg framlegg om å byggje fyr i innseglinga til Bergen på Holmengrå nord for Fedje. Etter ei synfaring i 1851 vart derimot Hellisøy vurdert som ei betre plassering, både som kystfyr og innseglingsfyr. Fyrdirektøren var likevel skeptisk til plasseringa og sa «...viss ikke man skulle træffe på en ualmindelig god sommer, byr den på så mange vanskligheter, at jeg ennu ikke har sett den make i de år jeg har vært i fyrvæsenets tjeneste». Bygginga var eit stort prosjekt og opptil 95 mann arbeidde på anlegget i byggeperioden.[1].

Det vart òg bygt bustadhus for fyrvaktaren, familien hans og fyrvaktarassistenten. Denne bustaden brann ned under eit torevêr i 1902. Huset vart bygt opp att året etter, og det vart då samstundes bygt hus til assistenten. I mange år heldt fyrvaktaren nokre kyr og sauer på holmen.

Fyret vart elektrifisert i 1954 med straum frå land. Samstundes vart drifta lagt om slik at fyrvaktaren ikkje lenger budde på fyrstasjonen. I 1968 vart husa ombygd, restaurert og innreidd med hyblar. Fyret vart automatisert i januar 1989, men på grunn av vêrstasjonen vart det ikkje nedbemanna før i 1992.[1]

12. januar 2007 gjekk frakteskipet «Server» på grunn på holmen fyrstasjonen står på og forårsaka eit stort oljeutslepp.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt hadde ein vêrstasjon på Hellisøy fyr frå august 1867 til juli 2005. I dag har trafikksentralen på Fedje overteke stasjonen. Stasjonen låg 20 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 2,5 2,1 3,0 4,9 8,5 11,0 12,8 13,4 11,4 9,1 5,6 3,7 7,3
Nedbør (mm) 110 86 95 70 62 72 81 110 159 161 159 139 1310


Foto: Frode H. Korneliussen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i teksten[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Fedje kommune (1995). «Naturtilhøva». I Nils Georg Brekke og Ronny B. Skaar. Kulturhistorisk vegvisar - Fedje. Fedje: Nord 4 - Vestkyst. 
  2. Lys i mørke: En ny hverdag - Dokumentarserie på NRK
  3. Oskar Tangen (1984). Bygdebok for Fedje. Fedje: Fedje bygdeboknemn. s. 223-224. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]