Hello Goodbye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Hello Goodbye av Erik Segerstedt og Tone Damli.
Hello Goodbye
singel av The Beatles
frå albumet Magical Mystery Tour i USA
B-side «I Am the Walrus»
Utgjeve 24. november 1967
Sjanger Poprock, barokkpop
Lengd 3:27
Selskap Parlophone (UK)
Capitol Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«All You Need is Love»
(1967)
Hello Goodbye «Lady Madonna»
(1968)

«Hello Goodbye» er ein song av The Beatles. Songen er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i hovudsak skrive av Paul McCartney.[1] «Hello Goodbye» vart gjeve ut på singel i november 1967 og toppa listene i både USA, Storbritannia og Noreg. Songen vart gjeve ut på den amerikanske utgåva av Magical Mystery Tour, som seinare vart den offisielle utgåva av albumet.

Alistair Taylor, som arbeidde for Beatles-manager Brian Epstein, spurte ein gong McCartney korleis han skreiv songane sine, og McCartney tok han inn i stova si og gav han ein demonstrasjon på eit husorgel. Han bad Taylor rope ut det motsette av det han song, medan han spelte. Taylor sa seinare at han lurte på om McCartney berre faktisk fann på songen undervegs eller om han alt hadde ein ide om korleis songen skulle vere. Uansett hadde McCartney snart gjort ferdig ei demoutgåve av songen kalla «Hello Hello».[1]

John Lennon likte ikkje songen og meinte det var tre minuttar med motseiingar og meiningslause samanstillingar.[2] Han mislikte songen enno meir då han vart vald som A-side, medan hans eigen «I Am the Walrus» vart plassert på B-sida av singelen. Lennon hadde forventa «I Am the Walrus» som A-sida til singelen, men Paul McCartney og George Martin meinte at «Hello Goodbye» var ein meir kommersiell song. Denne krangelen mellom Lennon og McCartney fekk Lennon til å seie etter the Beatles gjekk frå kvarandre at «eg var lei av å vere støttebandet til Paul».

Dei siste linjene av songen, der heile bandet syng «Hela, hey-ba hello-a» kom spontant i studio.

Det vart filma minst tre promo-videoar for «Hello Goodbye», men desse vart ikkje vist på BBC på grunn av dei strenge reglane til Musicians Union om miming til musikk.

Songen gjekk til topps på listene i både USA, Storbritannia og Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Turner, Steve. A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles Song, s. 139-140, Harper, New York: 1994, ISBN 0-06-095065-X
  2. The Beatles Bible: Hello, Goodbye. Vitja 8. februar 2009.