Helmer Gjedeboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helmer Gjedeboe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1786
Orkdal kommune
Død

26. september 1854 (68 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Politisk parti sjølvstendepartiet

Helmer Andersson Gjedeboe (19. februar 178626. september 1854) var ein norsk soldat, trearbeidar, høker, politimann og eidsvollsmann frå Orkdal i Sør-Trøndelag.

Gjedeboe var son av ein gardbrukar i Orkdal. Han tok teneste som soldat i 1804 i Trondheim, åra 1804-18 var han underoffiser i trondhjemske infanteribrigade. I 1814 var Gjedeboe 2. utsending frå regimentet ved riksforsamlingaEidsvoll.

Frå 1818 til 1824 var Gjedeboe trearbeidar, arbeidde mest som dreiar. I 1824 fekk han løyve til å drive brennevinshandel, frå 1831 var han høker. Perioden 1838-50 var han politibetjent. Alle desse åra budde han i Trondheim.

Då han tok avskjed med politietaten, flytta Gjedeboe til Liland i Ofoten. Der, hos sonen som var lensmann, døydde han fire år seinare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]